tirsdag 29. april 2014

Turkis,mint og lilla.....


...... vart teppe nummer to:)

Berre diggar den kombinasjonen! Ser at nokre av lillafargane
virkar litt skitne i det skarpe sollyset,  men det er dei altså ikkje i verkelegheita.
Måtte berre ha med litt av den knallblå himmelen som bakgrunn.
Er det ikkje fantastisk vel?

 I dette teppet har eg brukt ei blanding av brukt og nytt.
Til bakstykke har eg brukt eit mintfarga laken
og bomullsvatt som mellomlag.



 Vart så fornøgd med det at eg håpar ingen vil kjøpe det....hi hi....





Når ein syr slike prosjekt der det er ulik kvalitet på stoffa
er det lett for at nokre av stoffa kan dra seg slik at resultatet kan verte litt rynkete
eller at ein kjem skeivt ut. Særleg når eg syr saman alle laga
har eg opplevd at det kan skje.

 Då er det superkjekt å ha overtransportør!
Ein slepp då at stoffa dreg seg og resultatet blir kjempefint!
Her er det kanten rundt teppet som vert sydd tilslutt
 med overtranportøren.







Slik ser den ut.
Veldig glad for at den følgde med symaskina,
elles er det vel råd å kjøpe den som ekstrautstyr vil eg tru.
Min er i allefall flittig i bruk.

Ønsker deg ein fin kveld.
Her er det visst snø i vente....brrrr.
Har du lyst å sjå vår nærkontakt med snøskred på søndag
kan du sjå her.

Helsing Alva.

lørdag 26. april 2014

Teppe i glade fargar:)


Dette teppet har eg hatt planar om å lage lenge.
Rosa og orange er to fargar eg elskar å kombinere fordi dei er sånn passe frekke i lag.
Over ganske lang tid  har eg spart og lagt til side stoff i nettopp 
den fargekombinasjonen for å bruke i eit teppe.
 No hadde eg endeleg spart nok til å sy eit
teppe og i påska sette eg i gong med å kutte opp bitane. 
Supplerte med litt andre stoff i rosa og orange frå stofflageret mitt.
Når det er så mange mønstra stoff er det greit å ha nokre rolegare
innimellom så ein får roe ned inntrykket litt.


 Her er teppet ute og luftar seg i vårsola og fargane glødar i det nydeleg solskinet!



Har for det meste brukt stoff frå brukt sengetøy.
Trur faktisk det einaste nye stoffet er det rosa prikka.
Til bakstykke har eg brukt eit rosa bomullslaken og som mellomlag
har eg brukt bomullsvatt som var heilt supert å jobbe med!

Vart veldig fornøgd med dette teppet.
Så gøy var det at eg laga eit til med det same:)
Men det er i ein heilt anna fargekombinasjon som eg også er veldig glad i.
Nokon som torer å tippe?

Svaret får du i neste innlegg;)

Ønsker deg ein fin søndag!

Alva.


lørdag 19. april 2014

Vårlig løpar


For mange år sidan dreiv eg mykje med lappeteknikk og quilting.
Etterkvart gjekk eg meir og meir over til sying av andre ting og no er det fint lite eg lagar
  av det slaget. Men det er veldig kjekt å ha lært det for det er mange av teknikkane eg kan ta med 
meg vidare og bruke i andre prosjekt. Eg gjekk fleire kurs og sydde til dels ganske avanserte saker.
Så vart eg bitt av gjenbruksbasillen og då var det andre ting eg heller ville lage.

 Denne løparen har litt av begge deler.
Eg laga den for fleire år sidan og er vel noko av det siste eg laga i typisk lappeteknikk.
Utgangspunktet var to søte lysegule brikker i handangersaum 
som eg fann på bruktbutikken.


 Eg hadde lyst til å bruke dei i ein vårlig løpar.
Midt på løparen valgte eg å applikere ein ring av tulipanar.
Mønsteret er sjølvkomponert unnateke tulipanane 
som eg teikna av frå ei quiltebok.



Det som ser blått ut på bildet er lilla.
Eg likar veldig godt å applikere, det gjer eg ofte endå
på både vesker, kjolar og andre produkt. No brukar eg som regel tett siksakk
rundt det eg applikerer - her har eg brukt knappholsting som er meir vanleg i lappeteknikk.
Huskar for ei lette det var då eg kjøpte meg ny symaskin som kunne sy knappholsting!
Før det sydde eg alt for hand med moulinegarn. Litt av eit arbeid det....huskar eg
 laga eit stort veggteppe med masse applikasjon og sydde rundt alt for hand!
 Men eg kosa meg faktisk med det. I tillegg handquilta eg også det
 meste eg laga. Då var det nødvendig å investere i
fingerbøl av skinn!




Det er nokre år sidan eg hadde den framme
sist sidan eg ikkje er noko løpar-menneske lenger.
Men i år fekk eg plutselig lyst til å leite den fram igjen og det var i grunnen 
eit hyggjeleg gjensyn:) Så den får i allefall ligge
framme i påska.


Då er vi komt til påskeafta og endeleg
kan eg også ta heilt fri eit par dagar:) Fineveret har også kome
så det teiknar bra for resten av påska.

Her vert det beina høgt
i kveld etter nok ein hektisk dag på jobb.
Ønsker deg fine påskedagar vidare.

Alva.

søndag 6. april 2014

Kjole a la 60-talet


Første kjole frå mønstrane i dette 
innlegget er testa ut og resultatat vart slettes ikkje så verst:)
 Må sei at det var med litt andakt og ærbødigheit
eg opna pakken med mønster og bretta ut det store mønsterarket.
Papiret var gulna og litt sprøtt, det knitra litt ekstra i det papiret ja....føltets litt som ei helligbrøde
å klippe i det.... Men det måtte til skulle det bli sying:) Kunne sjølvsagt teikna av mønsterdelane då....men det hadde vorte ein del arbeid. Kjolen var heilt grei å sy, bra forklaring sjølv om den 
var på svensk. Var nokre ord sleit eg litt med å forstå men skjønte det etterkvart ut i 
frå sammenhengen. Kjem nok til å gjere nokre små endringar neste gong,
bl.anna vil eg ha meir rynker på volangen og den kan med
fordel også vere litt breidare synest eg.


 Slik ser den ut bak.
Opprinneleg skulle den vere open heilt ned slik som var vanleg på 60-talet,
men eg valgte å sy den nesten igjen, sette berre igjen ei lita opning under knappen. Neste gong trur
eg kanskje eg vil sette i glidelås i staden.

Eg la også til nokre cm. på lengda for kjolane på den tida
var ein del kortare enn det som er vanleg no.

Skulle sjølvsagt hatt ein tre-åring til modell
så eg fekk sjå korleis den er på og om størrelsen stemmer sånn nokolunde.
Men det har eg desverre ikkje tilgjengeleg... vrei hovudet mitt nokre gongar for å kome
på nokon eg kunne låne, men eg kjenner rett og slett ingen med
ei jente i passande alder eller størrelse.



Måtte sjølvsagt bruke gamle knappar som
matcha med resten. Desse hadde eg i knappesamlinga mi.
Kjolen er sydd av to forskjellige dynetrekk.
Det småblomstra er ein av mine
favorittar:)



Og slik ser den altså ut på mønsteret.
Vart i grunnen ganske lik då:)

Den var gøy å sy, gled meg til å teste
ut fleire mønster:)

fredag 4. april 2014

Oppskrift på kvit pizza.


For eit og eit halvt år sidan la eg ut oppskrift på ein pizza som er veldig populær her i huset.
Mange prøvde oppskrifta og eg fekk fleire gode tilbakemeldingar på den.
Men så fekk eg problem med massevis av spam på akkurat det innlegget så difor valgte eg 
å slette det. No har eg stengt av for anonyme og problemet med uønska kommentarar er heilt borte. Så difor vil eg legge ut oppskrifta på nytt slik at fleire kan få glede av den.


 Pizzaen er veldig god, og utruleg enkel og rask å lage.
Her kan du bruke ferdigkjøpt botn om du vil eller lage den etter eiga oppskrift.
Eg har ei favorittoppskrift frå Italia som eg også vil dele. Den blir knasande sprø i kanten
og det likar eg best.

3 dl. vatn
500 g. kveitemjøl
1/2 pk. tørrgjær (eller fersk)
1 ts. salt
1/2 dl. olivenolje
Varm vatnet , brukar du tørrgjær må det vere meir enn fingervarmt.
Tilsett mjøl, salt og evt.tørrgjær og rør raskt saman. Ha i olivenoljen og kna deigen til den er glatt og smidig. Den blir litt fast og det skal den vere. Er den vanskelig å kna så ta litt olje på hendene.
Dekk med plast og la den heve ein time. Denne deiga er super å jobbe med, eg brukar berre å
dra og trykke den utover steikebrettet etter at den er ferdig heva. På denne brukar eg ikkje 
bakepapir, eg smører berre plata med olivenolje. Dette er ein litt stor porsjon så du kan enten lage ein stor pizza til heile brettet eller to mindre.

(til pizzaen på bilda her har eg brukt ferdig botn)


 Smør eit passe lag med creme fraiche ut over botnen og dryss over hakka rødløk etter
ønska mengde.



Ananas høyrer egentleg ikkje til i oppskrifta, men det har eg tilført. Synest det gir ein frisk smak.
Kvern over litt peppar.



Legg på ønska mengde chorizo-pølse eller spekeskinke (anbefaler zerrano). Begge deler er godt.
I det siste har eg også brukt soltørka tomat på, er ikkje
feil det heller:)



Dryss over eit godt lag med reven ost.
Steikast på 225-240gr. ca. 15 min.
(Brukar du mi oppskrift på botnen er det høgaste temperatur som gjeld.)



Viktig at den er litt godt steikt
Etter at den er ferdigsteikt dryssar du over rikelig med ruccola.



Så er det berre å ete og nyte - 
gjerne med eit glas god rødvin til.  Mmmmm..... !!!!

Bon Apetite!


PS!
Det ligg lenke til oppskrifta på høgre side av bloggen
slik at den skal vere enkel å leite opp.


tirsdag 1. april 2014

Klar for sommarfest:)


Tenkte eg skulle vise eit par ting til frå dokkekle-produksjonen.

 
Her er dokka pynta og klar til sommarfest sjølv om
det berre er 1. april i dag:)


 Kjolen er sydd av eit supersøtt putetrekk 
i ein tynn og lett kvalitet. Som ekstra pynt har eg sydd tre søte
 blomeknappar på overdelen. Hårbandet vart prikken 
over i-en synest eg:)


Neste antrekk er også gjenbruk.
Genseren er sydd av ein singlett som på mystisk vis har 
krympa i skapet med åra....hi hi....

Overallen er sydd av stoff frå min favoritt-dongerikjole nr 1!!!
Den kjolen kjøpte eg på salg for ca.15 år sidan - då var den tilnærma fotsid.
Etter nokre års bruk klipte eg den av rett under knea og det er det stoffet denne er sydd av.
Sjølve kjolen veit eg ikkje om eg har hjerte til å klippe i - den heng i skapet
endå sjølv om eg ikkje har brukt den siste åra.
(Har vel krympa den også....)


På syrommet er eg no i gong med
å prøve ut ein av kjolane frå eit av dei gamle mønstra eg skreiv om
i forrige innlegg. Veldig spennande....
og gøy.....:)

Takk for at du tok turen innom til meg:)
Ha det fint!

Helsing frå Alva.