torsdag 29. mai 2014

Rabarbra.


No er det høgsesong for rabarbra
og då naboen kom på døra med ein heil plastpose full
måtte eg berre legge alle andre gjeremål til side.

 Eg er veldig glad i rabarbra og har prøvd fleire gonger
å få det til å vekse i min eigen hage. Men det går berre ikkje....
dei trivast rett og slett ikkje her same korleis eg prøver
Så no har eg gitt opp.

Difor var lukka stor då nabokona fortalde at ho 
hadde rabarbra i massevis  i hagen ved sommarhuset sitt og ville få mannen som 
var der ein tur til å ta med til meg.


Det første eg laga var ei kake til kaffen idag.
Det finst eit utall av oppskrifter men eg fall for den eg har brukt her fordi
 rabarbraen skal kokast møyre i sterk bringebærsaft. 
Og bringebærsaft har eg heldigvis ståande
frå eigen produksjon.


 Slik såg kaka ut før den vart steikt.
Eg kokte nok rabarbraen litt lenge for nokre bitar gjekk litt i stykker.
Den fekk veldig fin farge pga. safta.


 Og slik ser den ut etter at den er steikt.
Sjølv om eg brukte meir rabarbra enn det som står i oppskrifta synest eg det vart litt lite. 
Så neste gong vil eg bruke litt meir og kanskje trykke rabarbraen litt 
ned i røra slik at kaka vert litt saftigare.

Her er oppskrifta eg brukte:

 RABARBRAKAKE:
1dl. konsentrert bringebærsaft
1/2dl.vatn
Ca.250g. rabarbra (bruk meir!)
150g.smør/marg.
2egg
2dl.sukker(eg brukt 1 1/2 det vart søtt nok)
1dl.fløtemjelk(matfløte/kaffefløte)
4dl. kveitemjøl
2ts.bakepulver
1 1/2 dl. hakka mandlar
perlesukker.
Kok opp saft og vatn. Skjær rabarbraen i 3cm.lange bitar og la dei trekke i safta til dei er møyre men ikkje kokt i stykker(pass på, det gjekk fort) Avkjøl og legg i ei sil for avrenning. Smelt og avkjøl smøret. Visp egg og sukker til eggedosis. Hell i smør og fløtemjelka. Bland mjøl og bakepulver og vend det i. Rør i halvparten av mandlane. Hell røra i ei rund form ca. 24.cm. Legg rabarbraen oppå og strø over resten av mandlane og perlesukker. Steikast ved 175 gr. 35-40 min.


Med ei kule vaniljeis eller ein klatt piska krem til 
vert det ekstra godt!
Nam nam!

(Og ja, eg har endeleg greidd å få tak i nokre koppar grønn Sissel frå Figgjo!
Er så glad i desse koppane og kaffen smakar utruleg godt i dei...
og det er ikkje tull eingong!)



 Det neste eg laga var rabarbrakompott.
Den vart aldeles nydelig!
Brukte oppskrifta frå matstellboka mi 
frå eg gjekk på skule på 70 talet:

750g.rabarbra
1/2 l. vatn
1/2 - 1 dl. sukker.
---------------
1barneskei potetmjøl
1ss.vatn
Rens og vask rabarbraen. Skjær den i ca.2cm lange bitar. Kok opp vatn og sukker. Legg i rabarbraen og kok den så vidt møyr. Ikkje kok i stykker! Legg den kokte rabarbraen i ein bolle. Lag jamning av potetmjøl og kaldt vatn. Tilsett jamninga i sausen under stadig omrøring. La det få eit oppkok og hell over rabarbrabitane. Avkjølast.

I tillegg så brukte eg resten av safta som rabarbraen eg brukte til kaka hadde kokt i så det gjorde 
nok sitt til at den vart ekstra god.Kokte nok rabarbraen litt lenge her også..........men slik går det når ein styrer med mange ting på ein gong.....hi hi......



 Med fløtemjelk på vert det fantastisk godt!


Tilslutt vart det ein kjele med rabarbra og aprikossyltetøy. Knallgod den også. Oppskrifta laga eg sjølv undervegs.Når ein har laga syltetøy gjennom så mange år som eg har gjort
bryr ein seg ikkje så mykje om å følge oppskrifter lenger.


Eg brukte ein pakke tørka arikoser som eg la i bløyt ei stund.
Delte dei opp i mindre bitar og kokte dei nesten møyre i litt vatn før eg tilsette 1 1/2 kg rabarbra delt i 1cm.lange bitar og kokte til alt var møyrt. Tilsette så 700g. sukker blanda med ein pakke certo syltepulver. Hadde eg hatt fersk ingefær i hus hadde eg kokt det i lag med. I staden brukte eg ei kanelstang som også gir ein fin og litt eksotisk smak.


Og endå er ikkje posen med rabarbra tom  -  resten får nok gå i 
frysaren til seinare bruk.


tirsdag 20. mai 2014

Mønsterkupp


Eg har gjort eit skikkelig mønsterkupp!
Alle desse mønstrane vart mine etter ei budrunde på ei facebook-gruppe.
Fekk litt konkurranse men heldigvis trakk eg det lengste strået tilslutt denne gongen også:)
Og prisen vart meget akseptabel!

Alle mønstrane unntatt eit har årstal og det går frå 1969 - 1980.

Den raude over her var aldeles nydelig!
Er eg heldig kan eg få den til å passe meg med litt justering.
Str. 38 passar meg ovantil men rundt midja må det som regel str.40 til.
Men ser ut som det kan gå fint å justere den ut der.
Frå 1976.


 Og den lyseblå her.... dåååån!
Men 36 vert nok desverre litt knapt....
Frå 1970.



 Den til venstre er den nyaste, frå 1980, den neste frå -73 og den siste frå-77.



 1976



Denne var merka med 1969, altså den eldste av dei merka.
Stilig det raude settet då!


 Så utruleg søtt!!
Denne modellen skal prøvast, garantert!
Merka 1972.



 Denne fann eg ikkje årstal på men trur den må vere frå 60-talet.
Den virkar eldre enn dei andre mønstrane.
Diggar framsida, sjekk den skjønne pusen då!

Synest det er så kjekt at dei er merka med årstal slik at ein 
veit akkurat kor gamle dei er.

Kjem nok ikkje til å sy alle modellane.
Dei eg bestemmer meg for ikkje å bruke vil eg legge
inn i nettbutikken etterkvart.

torsdag 8. mai 2014

Flower


Hadde ikkje tenkt å sy fleire vesker eg.....
men jammen så vart det ei til!


 Fann dette kule stoffet på bruktbutikken
for nokre dagar sidan og då måtte eg berre sy denne veska!
Det sommarlege stoffet formeleg ropte etter å verte til ei veske så då kunne eg ikkje
late att øyrene :)  Stoffet er frå Ikea og var merka med 2006.  
Er så glad i denne veskemodellen,
min favoritt!


 Blomen passa perfekt til -
skulle nesten tru stoffa høyrer saman.
Men det gjer dei altså ikkje. Den er klipt ut frå eit gardinstoff som er
eit par år gammalt. Har brukt mange av desse tidlegare.
Perfekt som pynt på ei veske.


På same gardinstoffet er det trykt "flower"
i mange ulike variantar. Klipte ut dette og applikerte det på.
Synest det vart litt tøft:)

Trur jammen eg må sy ei veske til
når eg først er i sving:) Har ikkje nok stoff til ei til
men kan kanskje kombinere med eit anna.

Ønsker deg fine vårdagar:)

Helsing Alva.


torsdag 1. mai 2014

1. mai og snø.


Snø var varsla og snø kom....
sjølv om eg ikkje heilt ville tru på det......

Slik såg det ut då eg sto opp i dag.
Eit ganske trist syn. Stakkars vårblomane mine!
Duknakka og triste står dei der og kan ikkje anna enn 
ta i mot det som kjem frå oven.
















Heldigvis dukka sola opp etterkvart
og smelta vekk snøen.


Så vakkert kan det verte
når sola brått bryt gjennom og jagar vekk skyer og snø.
 Dette er utsikta mi frå verandaen.
Kan ikkje klage på den nei :)

Ha ein strålande 1. mai!

Helsing Alva.