lørdag 28. juni 2014

Sesongopning i Postkjellaren


Då er det endeleg klart for sesongopning i Postkjellaren.
Bryllaup og bursdagsfeiring er unnagjort og utstillinga er klar så då er det 
berre å ta turen til Bjørke på søndag:)
 Det nye i år eit utvida lokale.
Min driftige og flinke far på godt over 80 år har slått ned ein vegg,
støypt golv, bygd oppatt veggar,  pussa,mala og laga til ei flott
og meir komplett postutstilling.



 Det gamle ærverdige pengeskapet som var i postkontoret
då det var i drift har også fått plass i utstillinga no.
Det er sabla tungt og ikkje forstår eg korleis han greidde
 å manøvrere det på plass åleine!


Litt bilde frå utstillinga:




















Synest det er veldig vanskelig å ta fine bilde av utstillinga.
Det ser så rotete ut på bilda.....det gjer det ikkje i verkelegheita!


For den som ikkje har vore på Bjørke før så 
køyrer du mot kyrkja. Der er det også greit å parkere sidan
det er veldig begrensa med parkeringsplassar hos oss.

Det vert sett opp skilt så det skal vere enkelt å finne fram.
Dessutan brukar eg å henge ut fargerike kreasjonar
så det er liten tvil om kvar eg held til:)

Ope frå 13-17.


Veret viser seg frå beste side om dagen
så då er det flott å sitje på den koselege terrassen vår og nyte
ein kopp kaffe med noko attåt!


Ønsker alle velkomne til vakre Bjørke!

onsdag 25. juni 2014

Bryllaup.....

Sist laurdag feira vi vår dotters bryllaup.
Det vart ei flott, sterk og følelseslada oppleving!
 Her er bruda på vei ned kyrkjegolvet saman med sin far.
Sterkt og rørande.




 Brudeparet vert velsigna etter vigselen.
Presten heldt ein vakker og personleg tale.



 Saman som mann og kone for første gong.



 På kyrkjetrappa etter vigselen.



 Eit brudepar må køyre standsmessig!
Morsomt øyeblikksbilde med sløret som vert teke av vinden:)



 Så barst det til hotellet der middagsbordet
 var romantisk pynta i rosa.



 Brudas mor fekk oppdraget med å lage dekorasjonar.
Og det kosa ho seg skikkelig med;)



Brudeparet var så lukkelege og forelska at det var
aldeles rørande å sjå!


************

Til helga opnar altså Postkjellaren for sesongen, litt forsinka pga. bryllaupet.
Kjem med eit innlegg om det og litt
opplysningar nærare helga.



fredag 13. juni 2014

Skjønne mønster.


Eit lite livsteikn frå meg!
Det vert visst litt langt mellom innlegga no,
men eg får kome sterkare tilbake seinare. Her forberedast bryllaup
så då er det litt andre gjeremål enn sying som stend på timeplanen.
Det vert snart opning av Postkjellaren også, men først 
bryllaup:)




Ein ny pakke med gamle mønster dumpa ned i postkassa mi
og her var fleire skikkelige godbitar! Den over her er då berre til å dåne av!
Sjå den yndige kysa då! 


 Litt av kvart her!



 Ikkje dum denne heller.



 Ser nokså velbrukte ut enkelte av dei.



Synest bilda er så fine på desse gamle mønstrane!
Sjekk kåpa og hatten då! Dååån! Eller kva med frisyrane på den til høgre!
Dette må vel vere frå 60 talet vil eg tru.

Har lagt nokre av desse og andre mønster inn i nettbutikken.
Dei ligg i mappa som heiter mønster.
Du finn den her.

Send meg ein mail om du finn noko
du vil kjøpe. Adressa er postkjellaren@hotmail.no

Ønsker deg ei fin helg.

Helsing Alva.