tirsdag 22. juli 2014

Ei utruleg historie.....


At verda ikkje er stor får vi bevis på gong etter gong.
Eg har nyleg opplevd det.....
 Dette knallfine retrostoffet som egentleg 
er eit dynetrekk....vart mitt etter ei budrunde på ei nettside.
Då eg og dama som solgte det skulle utveksle informasjon viste det seg
at ho har ei dotter som bur i same bygd som meg. Så då avtalte vi at ho skulle 
ta det med neste gong ho skulle besøke dotter si. 
Dama sjølv bur på ein annan kant av landet.


 Etter litt undersøking fann eg ut at dottera 
faktisk bur i nabohuset her hos meg!!!! Er det mulig!!!!
Ho bur så nær at ho nesten kunne ha kasta det ned til meg!
Kan tru vi fekk oss ein god latter:)

 Og i går kom dama på besøk til 
dotter si og eg fekk levert to flotte retrodynetrekk på døra.
Slettes ikkje verst det. Mange kroner spart i porto.

Slik kan det altså gå....
nesten for utruleg til å vere sant men det
er det altså:)

Likar så godt fargane i det....
blått og grønt er ein kombinasjon eg er veldig glad i.
Og den blomen er då berre min:)


Her nyt vi ein fantastisk flott sommar
med temperaturar på mellom 25 og 30 grader.
Slik sommar har vi ikkje hatt på årevis så det nytast verkeleg til fulle!
Det vert litt late dagar i varmen - litt for gale å 
sitje inne ved symaskina når veret er 
så fint.

Har også nokre dagar att å jobbe før eg kan ta resten av ferien. 
Må seie eg gler meg stort til det.

Håper du også nyt sommaren!

Sommarhelsing frå Alva

fredag 18. juli 2014

Solskinnsveske


I dag vil eg prise sommaren
med ei skikkelig solskinnsveske :)
 Diggar dette stoffet som eg fann
maaaange meter av på bruktbutikken for ei tid tilbake!
Måtte sjølvsagt lage ei veske av det og kva passa vel bedre som pynt
enn ein av desse fine folkevognbussane;)



 Likar så godt denne veskemodellen.
Den er også ein av bestselgarane mine.



 Her er ein variant også laga av eit 
herleg retrostoff. Det var i sekken til "julenissen"
som eg skreiv om her.


Begge veskene er å finne i Postkjellaren.



Sånn har vi det på ein fin og varm sommardag!
Finaste plassen med flottaste utsikta!

Og til søndag er det meldt 26 grader
og strålande sol!

Velkomen til Bjørke og Postkjellaren:)


lørdag 12. juli 2014

Ben Redic fy Fasan.......for ei pute :)


Huskar du dette innlegget
om dei tøffe gardinene med motiv frå Flåklypa Grand Prix?
Desse gardinene dukka opp igjen under ei lita opprydding på syrommet.
Dei hadde komt nederst i ein dunge og eg hadde reint
gløymt av dei!

Eg bestemte meg for å lage eit par puter i første omgong.
Motiva er ganske store så det er litt begrensa kva ein kan bruke dei til.
Dessutan er det så synd å klippe sundt dei flotte motiva - som om eg f.eks. hadde laga ei veske.
Så puter var i grunnen heilt perfekt! Eg la ut bilde av putene på facebook sida 
til Postkjellaren - og vips var eine puta tinga vekk og eg fekk
bestilling på to til:)

Så då vart det til at eg laga puter av resten av stoffet også.
Sidan eg ikkje likar å lage to heilt like produkt varierte eg med fargen
på pipingbandet.

Piping band er supert og gir ein veldig fin effekt.
Eit tips om du vil lage sjølv er å ikkje dele skråbandet i to på langs-
mykje lettare å få fint om du brukar skråbandet heilt.

Utruleg tøffe motiv! Diggar det!
Resten av putene er på plass i Postkjellaren.

Denne helga er det liv og røre på Bjørke med
 Indie pop konsertar og mange tilreisande til den bittelille bygda.
Gøy med så mykje aktivitet.

Har hatt ope i dag og er på plass i morgon også.
Og endeleg er vergudane på vår side!

For her på Sunnmøre har sommaren verkeleg slått til i år!
Vi har fantastisk flotte sommardagar og slik varme som vi ikkje er heilt
vande med her! Og det nytast!

Håper du også har fine sommardagar:)

Sommarklem frå Alva:)

lørdag 5. juli 2014

Veske og meire til........


Her kjem bilde av det eg laga 
av dånestoffet eg skreiv om i forrige innlegg.
 Som Elisabeth tippa vart det ei veske:)
Det var det første eg laga. Stoffet ropte til meg at det måtte bli ei veske.
Har du opplevd at eit stoff ropar til deg om kva det vil bli?
Eg opplever det stadig vekk:) Og det blir jammen 
meg ikkje stilt før det er gjort, hi ,hi ;)



 Det neste eg laga var denne puta.
Heilt enkel med glidelåslukking i botnen.
Synest den vart grei, men ville gjerne lage ei med litt 
ekstra pynt på.



 Då vart det slik.
Har sett fleire bruke pipingband rundt kanten
og synest det gjer seg veldig godt. Eg hadde ikkje pipingband men tok likegodt
og laga av skråband og tynn anorakksnor.
Funka som berre det det.

Litt arbeid er det, men ikkje meir enn at det er overkomeleg.



 Her får putene lufte seg i det milde veret me har no.
25gr. viser målaren no, så då snakkar vi sommartemperatur!
Nesten så det er litt haust i lufta også....
Litt tidleg det vel?

Og jammen såg eg at bringebæra har begynt å modne......
 det er i allefall veldig tidleg!



Det siste eg laga var ein søt sminkepung.
Og som eg skreiv i forrige innlegg så har eg endå ei heil gardinlengde 
igjen av dette stoffet så her vert det nok meir etterkvart.

Desse tinga vert med meg til Postkjellaren 
i morgon :)

Ønsker deg ei fin helg!

Helsing Alva.

tirsdag 1. juli 2014

Dånestoff i dånefargar :)

Forrige veke var eg innom ein
bruktbutikk her i distriktet som eg ikkje har vore på før.
Det er alltid spennande med "nye" bruktbutikkar og denne skuffa såvisst ikkje!
I det eg gjekk inn gjennom døra fekk eg auge på dette fantastiske 
stoffet i ei hylle. Tre raske skritt og stoffet var sikra:)
Det var like før eg dåna!
 Har du sett slike fantastiske fargar og mønster?
Og det beste av alt er at det var stort! To gardinlengder sydd saman til eit forheng!
Det er i veldig god stand - litt falma enkelte plassar,
men det fine er at baksida er heilt fin. Og der er
fargane veldig klare og mønsteret er
 heilt likt på begge sider.


 Heilt nydelig vannlilje....elskar denne isblå fargen!



La på målbandet slik at ein kan sjå størrelsen på lilja.
Eg hadde sjølvsagt planane klare for stoffet før eg gjekk ut av bruktbutikken
og produksjonen er allereie i gong:) Fire ferdige produkt av
 dette stoffet vart det i dag. Og endå har eg ei 
heil gardinlengde igjen!

Det er vel kanskje ikkje så 
vanskeleg å tenkje seg kva det første eg laga var;)

Får vise neste gong, må få teke nokre bilde først.
Godt å kome i gong med sying igjen....og kjekt med slike stoff
som gjev meg masse inspirasjon!

Ønsker deg fine sommardagar :)

Helsing Alva.