onsdag 27. august 2014

Sesongavslutning


 Komande søndag er det siste 
dag det vert ordinært ope i Postkjellaren denne sommaren.
Men det er ei mulegheit til.....den 14.september skal kulturminnedagane 
markerast og då vil det også vere ope.
 Det har vore ein flott sesong på mange måtar.
Både gamle og nye besøkjande har vore innom dørene til oss. 
Det er utruleg kjekt å møte så mange positive og hyggelege menneske.
Det er veldig inspirerande å få så gode tilbakemeldingar
på utstillingane og på produkta.



Og veret denne sommaren har vore heilt eventyrleg!
Kun ein søndag har det ikkje vore ver til å sitje ute. Elles har den flotte terrassen
til tider vore full av gjestar som har kosa seg med kaffi og nytt
den fine utsikta.

Dette bildet er frå sist søndag.
Her pratar alle med alle og har det rett og slett triveleg!
Litt vemodig at det snart er over for i år,
men litt godt også:)


Tilbake til kulturminnedagen.
Denne dagen vert det ei litt annaleis utstilling.
Temaet for dagane er "Ei reise i tid - 200 års samfunnsutvikling"
Post- og telegrafutstillinga passar veldig godt til det temaet. I tillegg vil eg lage til ei lita
utstilling av symaskiner som viser korleis dei har utvikla seg siste 100 åra.
Symaskina på bildet over vert sjølvsagt med - det er den eldste eg har.
I tillegg har eg ei frå ca.1945, ei frå 1960, ei frå 1980,
og så får nyaste maskina mi vere med:)

Mulig eg kjem til å sy litt også;)

Eg kjem også til å stille ut litt gamalt handarbeid
av ulike slag og så vil eg ha ein del produkt for sal som er laga av gjenbrukte
handarbeid så som broderi og heklabrikker.



Håper mange finn vegen innom oss både 
komande søndag og 14. september!

Begge dagar er det ope mellom kl. 13 og 17.

tirsdag 19. august 2014

Vintage morgenkåper


For ei vekes tid sidan fekk eg to kasser
med diverse gamle kle og tekstilar. Blant anna to herlege
retro/vintage morgenkåper.
 Denne synest eg er fantastisk fin!
Fargane og mønsteret er berre så fine at eg veit sanneleg ikkje om eg greier å klippe i den. 
I tillegg ser den nærast ubrukt ut.



 Den passar meg heilt perfekt
men eg trur neppe eg kjem til å bruke den.
Litt stiv og klumpete i kvaliteten men varm og god.

Litt dårlig kvalitet på dette bildet.
Veldig dårlig lys i gangen hos meg!




 Denne er også aldeles skjønn og
full av søte detaljar.



 Sjekk den søte sløyfa i halsen då!



 For-seg-gjorte ermar

og lomme som passar til ein søt lommeduk.

Ser føre meg at desse har vore til sjukehusbruk...
Ser føre meg ei dame som tuslar rundt i korridoren med fin morgenkåpe
og eit par søte tøfler til....kanskje med ein liten dusk på eller litt sånn fjøraktig lodne om du forstår......Tuslar forsiktig rundt med hendene djupt ned i lommene på morgenkåpa. Ventar kanskje på at det skal verte visitt-tid. Litt grå i håret...krøllane etter opprullinga litt flate men
likevel fin på håret. Litt bleik i ansiktet etter nokre dagar på sjukehus....

Veit eg har sagt det før men av og til løper fantasien min litt løpsk:)
Likar å lage ei historie rundt plagga eg får i hende.
Får bilde inne i hovudet som sikkert er heilt
på jordet! Hi hi.......
(.....må føye til at eg alltid har drøymt om å verte forfattar)


Som sagt så er eg litt usikker på om eg vil klippe i desse....
Kva synest du.....er det for gale å klippe i dei?

På den andre side så vert dei nok ikkje brukte heller.
Hmmmm. Ikkje lett nei.....

Får vel vente litt og fundere på det tenkjer eg.

Ønsker deg ein fantasifull onsdag!



søndag 17. august 2014

D.i.y glidelåslukking pute.


Tenkte eg skulle vise ein 
veldig enkel måte å lage glidelåslukking på puter.
Denne metoden har eg utvikla sjølv.

 Først kuttar du delane til bakstykket.
Mål størrelsen på framstykket og bruk same breidd pluss ca. 1 cm.ekstra.Greit å ha litt å gå på. 
Del høgda på to og legg til 3cm. Dvs. om framstykket er 40x40cm lagar du to delar som måler 40x23cm  (40 : 2 + 3cm). Du kan sjølvsagt ha glidelåset lavare nede, då berre justerer du slik at det passar. Overlock eller siksakk klippekanten der glidelåsen skal vere. 



 Brett inn 2,5cm på den øverste delen og press med strykejernet.



 Legg glidelåsen rette mot rette på den nederste delen som vist på bildet over.
Fest med nåler.



 Sy glidelåsen fast med glidelåslabb. Begynn heilt ute ved enden.



 Brett over mot retta og press forsiktig med strykjern.



 Legg glidelåsens andre side på øverste delen og fest med nåler.
Pass på at delane ligg ca. kant i kant på yttersidene.
Og pass på at klaffen dekker glidelåset, snu og sjekk før du syr! Den skal gå litt nedom.
Brukar du eit breidare glidelås må du kanskje brette inn 3cm.



 Start og sy ca. 3cm. frå kanten og stopp like langt i frå på andre enden.



 Så skal du feste enden på klaffen.
Snu arbeidet over til rettsida og sy frå kanten og inn mot der du starta og sy glidelåset til 
den øverste delen.



 Stopp når du er på høgde med øverste saumen, snu labben 90 grader
og sy opp til den andre saumen. Rygg gjerne heilt ned igjen slik at det er godt forsegla.
Gjer det same på andre sida. 

Brukar du eit glidelås som er kortare enn bakstykket
så syr du berre lenger innover slik at endane på glidelåsen vert skjulte.



 Slik skal det sjå ut når det er ferdig.




 Så er det berre å legge framstykket på bakstykket, nåle fast og sy.
Husk for all del og la glidelåsen vere halvegs åpen slik at du får vrengt puta:)
Reinskjer og siksakk rundt eller bruk overlock 
om du har det.

Vips, ferdig!



Og slik vart resultatet!

Håper dette vart forståelig.
Superenkelt, raskt og gjev eit veldig fint resultat!
Lukke til:)


søndag 10. august 2014

Tutti frutti og Marimekko.

 Som dei fleste nok har fått med seg
så likar eg aller best å sy av brukte tekstilar.
Å skape noko nytt av gammalt og brukt gjev meg stor glede og er veldig inspirerande.
Men likevel hender det at eg fell for freistinga til å kjøpe nytt.
 Det skjer ikkje så ofte, men det hender.


 Dette stoffet fann eg i restekassa hos ein gardinforhandlar.
Det har vore ei prøvegardin...så då blir det eit slags gjenbruk likevel:)
Brukar av og til å titte i restekassa for der kan det ligge små godbitar. Dette er eit
ganske kraftig stoff så det egnar seg veldig godt til vesker. Eg sydde rundt kanten på blomen
med tett siksakk for å markere den litt bedre.


 Denne er frå same stoffet men med ein litt annan blome.
Får litt sånn tutti-frutti følelse av dette stoffet.

Då eg var lita var det nokre drops som heitte Tutti -Frutti.
Dei hadde slike herlege pastellfargar og var så deilig klissete og søte!
Om eg let att augene kan eg enno kjenne smaken av 
desse dropsa på tunga!

Smaken av barndoms-sommar!




Denne Marimekko-inspirerte veska er laga av
ei panelgardin som eg fann på turen til Sverige. Synest den 
vart veldig fin. Her måtte eg sprette opp alle sidesaumar for å få nok breidde.

Denne veka har eg brukt mykje tid
 ved symaskina for å fylle opp att i Postkjellaren.
Det var litt slunkent i rekkene så det var godt å få sy litt nytt.
Har enno nokre søndagar igjen før eg gir 
meg for sesongen.

lørdag 2. august 2014

Loppistur til Sverige

Mandag drog eg og mannen 
på ein liten ferietur til Sverige. Målet var å besøke svoger
og svigerinne som har sommarbolig i Sandviken eit stykke nord for Stockholm.
Men mange loppisbesøk sto også på ønskelista vår
 og det vart det heldigvis tid til.

I Sverige er det massevis av loppisar og svogeren min som
er godt kjent i området tok oss med rundt på mange av det slaget.
Ikkje alle loppisar har så mykje spanande å by på, det var stor variasjon både når det gjaldt utvalg
av varer og orden og reinsemd. Nokre plassar var det nesten ufyselig skittent
og rotete mens andre plassar var det fint og ryddig.

 Eg var for det meste på utkik etter stoff og då helst retrostoff.
Fann vel ikkje så veldig mykje hjartebankstoff, men dette fekk i allefall blodet til å bruse litt ekstra:)
Synest det er så fint med desse herlege figurane i ein morsom strek.
Lurer på om eg har sett det før.... er det hos deg kanskje, Elisabeth?



 To smale gardinlengder fann eg av dette fine stoffet.



 Dette likar eg også veldig godt.
Det er eit dynetrekk i litt tynn kvalitet.



 Denne gardinlengda fann eg på 
loftet i ein usannsynleg rotete og skitten låve.
Men 10kr. er iallefall ein akseptabel pris.

"Jahaa... jaaaa...jag tenker vi sejer tio kronor....
då bliver det så bra... ja-haa..."
sa den langhåra og skjeggete mannen som sat bak disken
og tok livet veeeldig med ro.

Prisnivået var eit heilt anna enn det
eg er vand med her i distriktet i allefall.
Dynetrekk låg stort sett mellom 10 og 20kr og putetrekk
mellom 5 og 10.



 Også eit herleg dynetrekk i litt tynn kvalitet.



 Kjøkengardin i flott mønster.



 Fann også eit par kjekke mønster.



Og her er heile herlegheita samla!
Litt av ein stabel dette!

Så i dag har vaskemaskina jobba jamt og trutt
og ei flaske eddik har gått med til luktfjerning.

Vert definitivt ikkje siste loppisturen 
til Sverige dette. Det ga absolutt meirsmak!
Litt langt å køyre då....13-14 timars køyring på ein dag er litt i meste laget.
Med med mange korte stopp undervegs og ein dyktig
sjåfør bak rattet gjekk det veldig fint.


Ønsker deg ein fin søndag.
Eg er som vanleg på plass i Postkjellaren
i morgon.....ferie eller ei :)