onsdag 17. september 2014

Vellukka kulturminnedag og takk for i år.

Sist søndag markerte Postkjellaren Kulturminnedagane
med ei spesiell utstilling, blant anna symaskiner og gamalt handarbeid.
Det vart ein svært vellukka dag med mange besøkjande,
 både ynge og eldre kom for å sjå på utstillingane.

 Denne utruleg flotte symaskina var eg så heldig
å få låne frå nokon i bygda til utstillinga. Det er ei Grover&Baker symaskin frå rundt 1880.
Synest den er fantastisk flott og dekorativ!


 Her står den eldste og yngste maskina i utstillinga.
Desse maskine skil det nesten 130 år! Artig å sjå at prinsippet er det same.
Den nyaste er den maskina eg bruker til dagleg. Då eg kjøpte den for 6 år sidan dreiv
eg mykje med lappeteknikk difor kjøpte eg ei quiltemaskin. Den har mykje bra ekstrautsyr som er
kjekt å bruke sjølv om eg ikkje quiltar så mykje lenger.


 Og her er fruen i sitt rette element - blant gamle og nyare symaskiner iført 
svigermors handlaga kjole frå ca.1955. Var så heldig å finne eit bilde av henne med kjolen på som var datert til 1955. Svigermor er desverre ikkje blant oss lenger så eg synest det var ei ære
 å kunne bruke kjolen hennar i 2014. Måtte fikse litt på den men ikkje mykje. 
Kjenner ikkje til om ho laga den sjølv eller fekk den sydd.


Her er svigermor med kjolen på. I 1955 var ho 27 år.
 Svigermor var ei arbeidsom dame som aldri klaga på noko slag.
Ho hadde glimt i auge og latteren var aldri langt unna. Ho var utruleg gjestfri
og elska å få besøk.  Ingen fekk fare derifrå utan å få kaffi og kaker først!
Ho forlet oss så alt for fort og uventa.....



 Litt av handarbeida som var med i utstillinga.
Den flotte barnebunaden er frå 1920-åra og den arva mi mor frå ei tante som døde ung.
Dotter mi brukte den då ho var jente.



 Det gjekk unna med kaker.
Veret var fantastisk flott med sommarlege temperaturar
så gjestane kosa seg både vel og lenge ute på den fine terrassen vår.




Dette var eit hyggeleg og annaleis arrangement som absolutt gav meirsmak.
Årets tema som var "Ei reise i tid - 200 års samfunnsutvikling"
passar godt til Postkjellaren sidan post- og teleutstillinga
står der allereie.


Men no er sesongen definitivt over for i år
og det kjenner eg er godt. Same kor kjekt det er så vert sommaren
ganske hektisk for meg og mannen. Han er min trufaste hjelpar og støttespelar i tjukt og tynt
og utan hans hjelp hadde dette vore vanskeleg å gjennomføre.
Så ei stor takk til han som alltid stiller opp og er med
på ALLE mine sprø påfunn!

Takk også til mine gode foreldre som alltid er der
og bidreg med alt frå vasking til mat! Imponerande når ein tenkjer på
at begge er over 80 år! Glad i dokke:)

TAKK FOR I ÅR!



tirsdag 9. september 2014

Spennande utstilling


Søndag 14.september vert det ei litt
spesiell utstilling i Postkjellaren. Då skal kulturminnedagane markerast
og det gjer vi med ei heilt eiga utstilling. Tema for dagane er "Ei reise i tid - 200års 
samfunnsutvikling". Post-og telegrafutstillinga er midt i blinken til det temaet og i tillegg har vi
laga ei utstilling med gamle og nyare symaskiner og ein del eldre handarbeid og kle.
 Så vil eg også vise korleis ein kan gjenbruke gamalt handarbeid
av ulike slag.

 Desse to putene er eit godt døme på gjenbruk.
Kofte-puta er laga av svigerfars tildels svært slitte kofte.
Delar av ermane som var heile vart nytta til små sitteunderlag som passar akkurat under rumpa.
Fint å putte i lomma når du berre skal ein liten tur men likevel treng ei kvild 
på ein kald stein eller stubbe.

Den andre puta er laga av ein veldig tova ullgenser visstnok frå ol.-82.
Av eine ermet vart det sitteunderlag - det andre vart ein pose til å putte termosen eller drikkeflaska i.
Rask og enkel gjenbruk som dei fleste kan få til.



 Her er nokre av symaskinene og dei gamle tekstilane.




 Mykje flott gamalt handarbeid!




Nostalgi!




 Her er fleire av produkta eg har laga for anledninga
der eg har gjenbrukt handarbeid av ulike slag. Den store puta midt på benken og den på snora
over er gamle og stammar frå barndomsheimen min.



 Vesker som garantert ingen har maken til!
På den til venstre brukte eg eit nydeleg strameibilde som utgangspunkt.
På den til høgre har eg brukt delar av ein klokkestreng som aldri vart ferdig montert.
Lomma på utsida er laga av ein hekla prøvelapp frå svigermors gjemmer. 

Somme vil vel kanskje sei det er galskap å klippe i stykker eit fint handabeid, men eg ser det på ein litt anna måte. Kven heng ein klokkestreng på veggen no til dags? Ikkje eg iallefall....
På denne måten vert den til fleire nye og spennande produkt som 
kjem til å bli brukte.



Mange fine detaljar å kvile augene på.

Håper mange finn vegen til Bjørke komande søndag!
Vermeldingane er strålande så det teiknar godt:)

Velkomen til ei nostalgisk oppleving i Postkjellaren!

Ope frå 13.00 - 17.00.