lørdag 7. november 2015

Dokkebunad


Hei alle sammen!
Eit lite livsteikn frå meg:) Eg er her endå men det vert lite sying med meg.
Tenkte eg skulle vise ein av dei få tinga eg tinga eg har sydd i haust - ein dokkebunad.
Då ein venn og tidlegare kollega spurde om eg ville gi ein handlaga gevinst til ein basar der ho bor
så svarte eg straks ja til det. Tenkte kanskje eg kunne finne noko frå Postkjellaren men synest ikkje eg
hadde noko som egna seg. Ein må tenke på at det ikkje er alle som er like glad i retro som meg så 
eg ville gi noko som var meir nøytralt. Eg hadde ein del dokkekle igjen så då kjøpte eg ei dokke på
salg og plukka ut nokre antrekk. I tillegg sydde eg ein finkjole og altså denne bunaden her.
Ein bunad gjer seg veldig godt til utlodning.



Mønsteret er frå ei av bøkene til Anne Grethe Gaaserud. 
Sjølve bunaden er sydd i eit stykke, vesten er sydd fast i blusen i skuldersaumane og i sidene.
Utgangspunktet var stoffet til skjørtet, synest det passa godt til bunadsskjørt. Det er gjenbruk frå eit skjørt eg fann på bruktbutikken. Trur det må vere frå 80-talet. Sidan blomstrane er  
rosa måtte vesten også  vere rosa synest eg. Alle stoff og alt
tilbehør fann eg i sakene mine. 



Bunaden er åpen heilt ned bak og lukkast med borrelås slik at den er lett å få på og av 
for små hender.



Måtte sy ei lita mamelukke til også,
går ikkje an å vere naken under bunaden:)


Og som kjent dreg det eine det andre med seg så då vart det eit
par søte sokkar også slik at dokka slapp å vere berrføtt på basaren:)




Så no håper eg at dokka kom i rette hender og lever eit godt liv der.


Det vert nok ikkje så mykje blogging frå meg framover, men skal prøve og titte innom
med eit innlegg av og til. Eg har mykje smerte i hovudet som gjer det vanskeleg å
 konsentrere seg både med sying og skriving.

Ønsker alle ei fin helg.
Husk å ta vare på kvarandre.

Klem frå Alva.

lørdag 26. september 2015

Superfin Retrokjole og fine bruktfunn



No let eg det stå til og legg ut eit bilde av meg sjølv!
Det er berre for at de skal få sjå kor godt eg kler denne fantastisk flotte forklekjolen
eg fann på ein bruktbutikk nylig...hi hi...
 De kan tru eg heldt på å dåne då eg drog fram denne frå nederst i ein bunke med forkle!
Og lukka var stor då eg prøvde den på og den passa sånn nokelunde. Litt stor men ikkje verre
enn at det går. Må finne eit belte til å ha i livet, på bildet har eg "dytta" den litt bak på ryggen.
Til og med i mine favorittfargar då! Og kjempekult mønster - berre diggar den!
Korga er også bruktfunn - er så svak for korgar og denne var så lita og søt.
Fann forresten to heilt like:)



Her er den uten meg inni:)

Bruktbutikken eg fann den i har eg aldri vore på før for den ligg milevis unna 
her vi bor. Ja vi brukte heile dagen på turen, men det var det vel verdt for eg fann 
fleire godbitar, sjå berre under her!



 Fleire meter med ekte busserullstoff frå 70 talet!
Og det passar veldig bra for eg har hatt planar om å sy busserullar for å ha noko
til gutar også men har mangla passande stoff. Så med dette pluss eit av stoffa eg fekk frå 
husfliddamene har eg noko å starte med.  Det blå stoffet ser ut som dongeri men det er det ikkje.
Det er nok eit buksestoff - også frå 70- talet men eg er litt usikker på kva 
slags kvalitet det er. Muligens blanding av noko slag. 




 Dette lyste mot meg på lang avstand og eg nærast stupte mot
reolen der det låg sjølv om eg ikkje hadde særleg konkurranse....ja faktisk
var vi dei einaste i butikken akkurat då. Supertøft retro dynetrekk i god kvalitet.
Der var ein heil vegg med reolar fulle av tekstilar så det vart ein skikkelig gravejobb å gå gjennom 
alt. Tydeligvis er ikkje retro det heilt store på denne plassen for der var mykje fint i desse reolane. Men eg prøvde å vere litt kritisk og streng med meg sjølv og ta berre det beste -
for syrommet mitt er sprengfullt av stoff allereie.



 Desse superfine gardinene kunne eg ikkje gå i frå i allefall!
Desverre er det 100% akryl så eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke det til.
Stoffet er litt mjukt så ikkje så veldig egna til skukderveske. Får la det ligge litt så 
kjem det vel ein ide etterkvart:) Puter kanskje?


På veg heimover køyrde vi over gamle Strynefjellsvei.
Det er ein smal grusveg med stabbesteinar og lite trafikk så her brukte vi lang tid
og hadde mange stopp for fotografering. Der var slike fantastiske haustfargar som eg aldri 
har sett maken til! Vi parkerte bilen og rusla litt innover fjellet etter ein fin sti. Der var så stilt og fredelig - ingen trafikk og ikkje eit menneske å sjå. Sola skein frå ein nesten skyfri himmel
så dette var balsam for kropp og sjel! Berre vi to i dette eldoradoet av fargar....
kan nesten ikkje beskrivast for ei oppleving dette var.
Sjå på bilda under så kanskje du får ei lita aning:



















Takk for koselige helsingar til dokke som la 
igjen kommentar i forrige innlegg. Eg prøver å takle kvardagen 
så godt eg kan men med mykje smerte er det ikkje alltid like lett. Slike
opplevingar som eg har skreve om her gjer det lettare...det er det ingen tvil om.
Det gjev eit påfyll som ein lever lenge på.


Ha det fint der du er.....
kjem tilbake når eg har noko kjekt å blogge om:)

Klem frå Alva.


onsdag 23. september 2015

Heldige meg!



For ei tid tilbake fekk eg spørsmål om eg ville kome
på eit medlemsmøte i husflidlaget i nabobygda og snakke om gjenbruk og redesign.
Slikt er no alltid litt skummelt å seie ja til, for eg har ikkje så mykje erfaring når det gjeld slike ting.
Men eg sa ja sidan dette er noko eg brenn veldig for.


Eg hadde med meg litt av det eg har laga for å vise korleis ein kunne
nytte f.eks gamle broderi og heklabrikker, dukar og gardiner osv.


Må sei eg synest det var litt nifst - damene troppa opp forventningsfulle til kvelden
og eg lurte på kva i alle dagar eg kunne bidra med til alle desse flinke handarbeidsdamene!
Det gjekk greit sjølv om eg ikkje var heilt fornøgd med min eigen innsats. Hadde tenkt ut kva eg 
skulle seie, men eg har litt problem med hukommelse og konsentrasjon for tida så 
halvparten gløymde eg. Men damene var hyggelige og interesserte 
så det vart ein veldig kjekk kveld likevel.


Som takk for at eg stilte opp fekk eg ein heil pose med nydelige vintage og retro stoff!
Snakk om å vere heldig! Det vart reine julafta då eg drog det eine stoffet flottare enn det andre
opp av posen! Har allereie planar for fleire av stoffa men først må eg få
hovudet på plass igjen.

Stoffet på første bildet er knallfint og ropte etter å verte ei skulderveske -
det er heilt perfekt til det for det er litt kraftig. Elskar fargane....
orange og rosa er berre sååå fint i lag!



Dette stoffet er eit kraftig og godt jersey stoff.
 Berre diggar det! Nydelig fargekombinasjon, og det fine mønsteret då! 
Skal tru om det blir ein kjole til meg sjølv?
Får sjå....trur det blir vanskelig 
å sette saksa i dette....


Blir lite blogging frå denne kanten for tida....
men som sagt så har eg nokre utfordringar så det blir ikkje så mykje sying heller.
Men eg har nokre fin fine bruktfunn eg har lyst å vise så det blir nok eit
innlegg til om ikkje så alt for lenge:)


Til då....ha det fint og ta vare på kvarandre!

Helsing Alva.

lørdag 5. september 2015

Tellekant, bruktfunn og nettbutikken.


No er det tellekant i stoffhyllene mine igjen og eg berre diggar det!
Elskar tellekant i skåp og skuffer men kan ikkje akkurat skryte av at det alltid er
det hos meg nei, hi hi......

 Hadde det berre vart evig - men det varer akkurat til neste prosjekt,
og eg skal bruke dei nedste stoffa i hyllene! Må berre ikkje tru at eg legg stoffet tilbake
der det låg.....å neidå....enten hamnar det i ein etterkvart enorm dunge på klippebordet, eller så
trykker eg det inni i ei eller anna tilfeldig hylle der det måtte vere plass.
Sukk...skulle ønske eg kunne rydde etterkvart - men det skjer
sjeldan eller aldri:)

Dette er ikkje alle stoffa mine altså.... har hyller på motsatt side også :)




Og her er nokre av dei nyaste bruktfunna mine:


Denne duken fall eg fullstendig for.
Mulig det vert eit forkle av den, mulig den får leve 
vidare som duk.



Denne gamle duken er berre så nydelig!
Den får definitivt leve vidare som duk og den skal eg ha sjølv.
Synest fargane var så utrulig fine og den ferskenfargen er akkurat den fargen
eg har på litt av interiøret no.



To heilt ubrukte panelgardiner - enno i pakken - berre ropte
til meg at eg måtte ta dei med! Dei er akkurat breie nok til å lage skulderveske av.
Det trur eg blir fint.




Litt meir stoff er lagt inn i nettbutikken.....
 .....blant anna desse knalltøffe folkevognbussane som kan kjøpast enkeltvis.
Supre som dekor på vesker og puter mm.
Om du vil kan du få med vlisofix på baksida.
8 ulike bussar.



Litt barnestoff er også lagt inn, bl.a. desse to her 
som er berre så tøffe.


Kjekt om du tittar innom nettbutikken og ser om noko kunne freiste:)
Du finn den her.

Mange av produkta mine er også ypperlege som presangar,
Kanskje ein ide og snart tenkje på julegåvene ;)

God helg!

Helsing Alva.

onsdag 2. september 2015

Påfyll i nettbutikken




Då har eg endeleg fått lagt inn ein del nytt i nettbutikken.
Varene er for så vidt ikkje nye, men dei er i alle fall nye for nettbutikken:)
Dei fleste kategoriar har fått påfyll og meir vil kome etter kvart. Syrommet mitt tyt over 
så eg er nødt til å verte kvitt noko for eg greier ikkje la vere å kjøpe nytt når eg 
kjem over skikkelege godbitar. Så det vil nok kome litt meir stoff når eg
har fått litt meir oversikt over kva eg har.
Rydding pågår....foreløpig er der 
berre kaos.

Nettbutikken finn du her


torsdag 27. august 2015

Sesongavslutning



Komande søndag er det siste søndag det vert ope i Postkjellaren denne sesongen.
Det er framleis mykje fint igjen - sjølv om der ikkje lenger er alt som viser på bildet.
Kjem til å ha reduserte prisar på ein del varer denne siste søndagen
så det kan løne seg å ta ein tur.



Etterkvart kjem eg til å legge ein god del av dei varene eg har igjen inn i nettbutikken her
så då er deg mulig for den som ikkje kjem seg til Bjørke å handle likevel.
Har også bestemt meg for å slanke litt på mi stadig veksande stoffsamling 
så eg vil legge ut ein del fine retrostoff for salg.



Post -og teleutstillinga er svært populær.
Mange born er veldig nyfikne på dei gamle telefonane og lurer på korleis i alle dagar
det gjekk an å ringe med dei.


Mykje posthistorie her.


Det er ope frå 13-17 men eg er der som regel ein time før om nokon
skulle vere ute litt tidleg. Eg brukar å seie at eg opnar når eg kjem og 
stengjer når eg går:)

VELKOMEN SKAL DU VERE!

tirsdag 25. august 2015

På ein kvitmalt benk i hagen.....



Det vart visst ei lengre bloggepause enn planlagt dette.
Det er fleire grunnar til det....ein av dei er at eg jubla litt for tidleg når det gjaldt dataproblema.
Rett etter forrige innlegg oppdaterte eg til Windows 10 etter sterk tilråding frå eldstemann.
Det angra eg på i ettertid for det vart heilt umulig å overføre bilde til pc igjen.
Men etterkvart har vi funne ein måte å få det til på via eit anna bildegalleri og 
så må eg bruke minnekort og ikkje overføringskabel slik eg er vandt med.
I tillegg har syproduksjonen av ulike årsaker vore svært liten 
så det har vore lite å blogge om. 



Men no har eg i allefall sydd meg eit par nye puter
til benken på den flotte uteplassen mannen har laga til meg i sommar.
Han er så grei slik.....eg seier kva eg ønsker og han gjer jobben.
Så hjelper eg til med det eg greier.

Benken har vi hatt nokre år - den har stått ute og var både rusten og slitt 
og malinga flassa av i store flak. Hadde den vore slitt på ein "fin" måte hadde eg beheldt den slik
for eg likar at ting ser gamle og brukte ut. Men det var den på ingen måte-
så då måtte det maling og hammerlakk til.
Det vart min jobb då:)



 Putene er sydd av eit fantastisk fint dynetrekk som er eit av sommarens bruktfunn.
Det er veldig tynn kvalitet på det så eg har forsterka det med kvitt lerretstoff på innsida.
Elskar mønsteret og fargane i det og synest det var perfekt til puter!



 Og så passa dei perfekt til teppet eg allereie hadde kjøpt inn
til kjølige kveldar. Får eg ånda så lagar eg kanskje eit lappeteppe også.



Veldig fornøgd med både uteplassen, benken og putene.
Dette er ein skikkelig koseplass. Forrige veke var det ein kveld som var veldig
varm og lun - då sat eg her på benken med tende lys og lykter 
til klokka var 00.30! Det var koselig:)


Siste par vekene har sommaren virkelig kome for fullt 
og det har vore utrulig deilig etter ein heller våt og kald sommar.
No regnar det litt igjen men håper vi får fleire slike
gode dagar.


Laurdag var det duka for distriktets største loppemarknad 
og forventningane var skyhøge! I fjor gjekk eg glipp av begge loppemarknadar 
som var i området her pga jobb så no var eg meir enn klar og veldig spent! Men eg må sei skuffelsen
var ganske stor. Det var lite spennande varer og ganske høge prisar i forhold til
tidlegare. Tekstilar var der nesten ikkje i det heile. Så eg gjekk nesten 
tomhendt derifrå.

Er det andre som har gjort seg den erfaring at loppmarknadane vert
dårlegare og dyrare? Litt av vitsen med det er vel at det skal vere billig vel?
Pengane går rett nok til ei veldig god sak, men når prisane er høgare enn på bruktbutikken og
ei dame bak bordet seier at her er ikkje rom for pruting då har dei vel
misforstått litt......

torsdag 30. juli 2015

Blanda drops......

Juhuuuu!!!!
Alle mine dataproblem er løyst og bloggelysta steig i same stund:)
Ny printer skulle installerast på maskina mi, men det let seg ikkje gjere. Etter feilsøking
fann eldstemann problemet og fekk ordna opp og dermed kom bildearkivet på plass igjen og 
problema med bildeoverføringa var også løyst!

Maskina fekk seg ei skikkeleg overhaling også
så no kryssar eg fingrane og håper det går knirkefritt heretter:)
Kjekt at ha born som kan ordne opp der mor kjem til kort;)


Det kjekkaste eg veit er når nokon tek kontakt og lurer på 
om eg er interessert i gammalt sengetøy og andre tekstilar. Det er sjeldan nei i min munn då:)
Eg tek som regel imot det meste og går gjennom det. Sortere ut det eg vil ha sjølv, det som skal gå
til gjenbruksbutikken og det som er så slitt eller flekkete at det må kasserast.

Denne veka fekk eg ein slik sekk på døra.
Det meste var ikkje så veldig retro - men nokre skattar fann eg....
blant anna dette herlege dynetrekket  her:


 Eit skikkelig hjertebankstoff!
 Vert aldeles varm om hjertet og superlukkeleg av slik herlegdom!
Trur eg kjem til å klappe og stryke på det ei stund før eg set saksa i det!


Litt små-sying har det vorte siste dagane.



 Denne babyleika/kosekluten fann eg mønster på i eit eldre "Alt om håndarbeide".
Tenkte at den passa fint til barnebarnet som no har begynt å leike seg litt. Og den fall 
absolutt i smak. Særleg banda rundt kanten var veldig fine å sutte på:)



 Eit par bukser som skal vere gåver har eg også laga.
Denne er laga av eit barnedynetrekk frå bruktbutikken. Synest det hadde slikt artig mønster.
Stoffet var litt tynt så den er sydd av dobbelt stoff. Brukte baksida av dynetrekket
-som var stripete - til innside.


 Baksida.

Det var veldig tungt for hendene å sy på ribben nede - mykje stramming -
så eg trur eg skal vente litt før eg evt. syr fleire.


Takk for alle kjekke kommentarar som vert lagt igjen hos meg.
 Det er så koselig at nokon tek seg bryet med å legge igjen ei helsing.
Set stor pris på det!

Ønsker deg fortsatt fine sommardagar!
Takk for at du tittar innom:)

 Alva.

tirsdag 21. juli 2015

Sommerfuglveske


Når sommaren manglar så fullstendig må ein 
berre gjere det beste ut av det og prøve å skape litt sommar sjølv.
Eg trur faktisk ikkje eg har sett ein einaste sommarfugl endå denne sommaren
så det tenkte eg at eg måtte gjere noko med.

No burde eg så  absolutt ikkje sydd noko i det heile teke
for handa er framleis ille vond. Men når ein held på å gå på veggen av kjedsomheit
og veret ikkje fristar til utendørs aktivitet må ein berre finne på noko. 
 Og slik var det den dagen eg laga denne veska.

Stoffet har ein litt kraftig kvalitet og ypperleg til denne veskemodellen.
Fargen er nydeleg fersken/lakserosa og eg fann det på ein bruktbutikk. Desverre hadde det
nok vorte brukt som underlag til eit eller anna prosjekt for det hadde ein del grøne flekkar som
ikkje gjekk bort. Trudde eg hadde unngått flekkar då eg klipte ut men jammen hadde det lurt seg med nokre. Så då gjaldt det å kamuflere etter beste evne. Greidde akkurat å skjule ein flekk ved hjelp av sommarfuglen. Der var også eit par flekkar nederst på veska og løysinga vart å legge på eit kontraststoff heilt nede. Og det synest eg faktisk vart veldig fint.



Sommarfuglen er applikert på ved hjelp av vlisofiks og sydd  med tette 
siksak sting. Mønsteret hadde eg liggande frå eit tidlegare prosjekt. 

Turkis og denne fersken /laksefargen (veit ikkje heilt kva den kallast) er to veldig hotte 
fargar denne sesongen. Så då skulle vel denne veska skli rett inn tenkjer eg;)

Dei som følger meg på instagram har nok sett denne før.
Ønsker du å finne meg der så heiter eg posttausa. Der legg eg ut litt forskjellig - det vert også  ein del
naturbilde......



f.eks slik som dette som er frå ein fin tur til Lodalen i Stryn.

Vatnet hadde den nydelegaste isblå farge som desverre ikkje kjem
 så godt fram på desse bilda.





Eg har framleis store problem med bildeoverføring og bildeprogrammet.
No har eg ikkje lenger tilgang til bildemappene. Bilda ligg der ein plass men eg kjem meg ikkje inn.
Så om eg overfører bilde frå kamera til pc får eg ikkje sjå dei utan at eg går inn på eit bilderedigeringsprogram . Veldig kjedelig og veldig tungvint.

Er ikkje så veldig lenge sidan eg hadde maskina inne til reperasjon og var utan i heile
6 veker. Så det fristar ikkje på nytt.......men må ein så må ein.....


Ha ein fin sommar vidare!

Alva.


mandag 13. juli 2015

Orange snop




Nokre orange retroskattar har dukka opp i min vei:)


 Til venstre ein kjempefint dynetrekk og til høgre ei lengde
med ei superretro gardin. Slik gardin hadde faktisk eg og lillesøstra mi på rommet vårt
på 70-talet, så denne vekkjer mange minne!




Denne krukka synest eg er sååå stilig!
Til hausten skal eg kjøpe meg ei potteplante med orange blomar på til denne.
Ei gerbera må vel vere heilt perfekt:)


Og denne dokkeberebagen anar eg ikkje kva eg skal med 
men måtte berre kjøpte den då eg kom over den for ein slikk og ingenting.
Synest den er sååå kul! Skal prøve å fikse reimane og glidelåset
må skiftast. 

Men det lyt nok vente, for ein lei senebetennelse i handleddet
har sett ein stoppar for alt som heiter handarbeid for tida. Vart litt overivrig med 
strikking og det straffar seg.....


Det vert langt mellom innlegga no -
men eg har hatt store problem med å importere bilde frå kamera til pc,
og når eg omsider har greidd det er det nesten umulig å rediger og lagre bilda.
Skjønnar ikkje kva som er feil og det gjer ikkje mine datakyndige born heller. Får stadig opp
melding om at filen er skada eller at eg ikkje har løyve til å lagre i den mappa.
Merkelige greier........og irriterande!

Så tips takast i mot med takk!

torsdag 18. juni 2015

Sesongopning 2015



Komande helg er det altså klart for sesongopning i Postkjellaren.
Då er det "Midsumardagar" og mange aktivitetar i bygda. 
Programmet finn du nederst i innlegget.

Her er nokre bilder frå årets utstilling:


Den gamle kommoden fekk eg min far og mann til å slepe ned frå loftet!
På grunn av gammalt hus med kroglete og bratte trapper måtte den berast ned utandørs
via terrassedøra, ned ei trapp, bortover plenen og opp ei trapp, ned ei braut, innover vegen og oppatt ei trapp og inn i postkjellaren! Eg er imponert og takksam for at desse kjekke karane er med på alle mine ville idear. Og ikkje minst takk til mi kjære mor som "ofra" kommoden på gjesterommet fordi
eg MÅTTE ha den ned i kjellaren! 


 Men jammen vart det fint då! 
Synest den passa perfekt der under vinduet.
Stigehylla ved sidan av er meir moderne og eit bruktkjøp, men synest likevel den passa godt inn.
Og veldig fin til å stille ut i.



Nåleputer av broderte brikker.



 Alva og Klara sit høgt på strå.
Alva i dåpskjole og Klara i  strikka Marius-sett.
Skjørta på dåpskjolane er laga av eit gammalt blondeskjørt.
Overdelane  og luene er frå gardinkapper.
Berre gjenbruk altså:)



 Og her er Oskar i den gamle barnestolen med 
herlege smekker i gjenbruksstoff.

Oskar er babydokka til dotter mi.
Både han og Klara fekk sine namn av henne i det ho pakka dei ut då ho fekk dei i 4-5 års alderen.
Ho hadde visst namna klar av ein eller anna grunn.



Synest alltid det er så vanskeleg å ta gode bilde av utstillinga.
Synest det ser så rotete ut på bilda......





Unik veske laga av klokkestreng med lomme av ein hekla prøvelapp
og tova tøfler med hekla pynt.



Eg er veldig takksam for den hjelp eg får av familien no sidan forma mi er slik som den er.
Særleg min gode husbond fortjener ei stor takk fordi han alltid støttar meg - uansett!
Utan den hjelp og støtte hadde eg ikkje klart ein ny sesong.
Så ei varm takk til dokke alle som er der for meg!

Og takk for alle gode helsingar i forrige innlegg!
Set stor pris på kvar og ei:) 



Her er programmet for helga:


Postkjellaren har altså ope både laurdag og søndag kl. 12-17 denne helga.
Opningstidene resten av sommaren vert søndagar kl. 13-17.

Velkomen til Bjørke!