tirsdag 6. januar 2015

Herlege retroskattar!


Først av alt:
Tusen takk for dei fine orda om
veska i forrige innlegg! Set umåteleg stor pris på kvar 
 enkelt kommentar!


I dag vil eg vise nokre av mine siste bruktfunn:

Herlege retroskattar som gjer meg glad!



 Diggar dette stramei-bildet
med verdens herlegaste og megasøte jentemotiv!
Har plassert det framfor nasa mi på arbeidsbenken på syrommet slik at eg kan sjå på det
og grunde på kva eg skal bruke det til. Det blir nok brukt på ei 
veske eller pute tenkjer eg.......eller
har du eit anna forslag ?

Skal det berre få vere eit bilde kanskje?
Er det synd å ta det ut av ramma??? Hmmm....ikkje lett nei.....
Føler mest for ei veske eg då.



 Dette superskjønne stoffet som egentlig er gardiner
 har eg to lengder av. Sjekk dei søte dyra! Likar så godt denne type motiv.
Dei er ganske store, 20x22cm. Eit motiv kan verte f.eks.
  ei stor lomme på ein kjole, forkle eller liknande
eller brukast på ei pute. Mange
muligheiter her.



 Denne superkule duken med 
skikkelig retromønster veit eg ikkje om eg har hjerte til å klippe i.
Den er så fin! Får la den ligge litt og sjå kva det vert til....
Ser veldig for meg ei veske av sirklane
og med brune hankar:)



Herleg 70-tals gardinstoff i fin fine blå/turkis
fargar og psykedelisk mønster. Heile 2,5 meter ubrukt stoff har eg her!
Supert stoff til vesker sidan det er litt kraftig.

Mykje herleg inspirasjon i slike skattar.
Gler meg til å ta fatt på det nye året med blanke ark
og glade retrostoff som fargestifter!

Ønsker deg glade og fargerike dagar!

Klem frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Herlige stoffskatter du har funnet - jeg liker dem alle sammen. Bildet er som du sier helt skjønt. Ei slik veske hadde jo bare vært knalltøff ... om du ikke da vil ha henne hengende i rammen på veggen da :) Gleder meg til å se hva du velger :)

    SvarSlett
  2. Du er no ein ræser til å finne Retro-stoff !
    For meg er det noko kjent med alle desse bilda, men det er vel fordi eg er i den alderen.... ;)
    Eg trur eg ville hatt den søte jenta på veggen ein stad den var lett å sjå, men den blir nok fin på ei veske også.

    Nattaklem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Øøøøj sikke nogle fine og skønne sager :-) Forstår godt, at de gør dig glad :-)
    En taske eller pude med pigemotivet ville være rigtig fint, tror jeg - eller hvad med en slags tevarmer? :-) Uanset bliver det interessant at se, hvad det ender med ;-)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no