fredag 9. januar 2015

Svigermors gensar




Denne flotte strikkagensaren i ull har vore svigermor sin.
Svigermor - som no er gått bort - var ein resar med strikkepinnane.
Utallige gensarar og sokkepar har kome frå hennar flittige hender gjennom åra.
Først til sine eigne fire gutar og sidan til dei ti borneborna.

Men det var ikkje ofte ho laga noko til seg sjølv.
Eg veit ikkje om noko anna enn denne gensaren - iallefall ikkje etter at eg kom inn i familien.
Og denne brukte ho når ho var på tur.


 Desverre hadde den fått ein skjemmande flekk
midt framme som ikkje let seg fjerne. Den er meir synleg enn
det ser ut på bilde.


Eg tippar at svigermor har vore uheldig og søla
 kaffe nedover seg ein gong ho var på tur og så har genseren vorte liggande og flekken sett seg.
Men gensaren var alt for fin til å kassere så då måtte 
eg finne på noko anna lurt med den.



 Eg har lenge ønska meg ei pute til å ha ståande på den fine gamle arvekista.
Så eg klipte av genseren rett over flekken, klipte av ermane og kragen og sydde i hop til ei pute.
Men eg vart ikkje heilt fornøgd - eg synest den vart litt lita.


På klippebordet mitt låg resten av gensaren igjen.
Og denne delen var større enn den delen eg hadde brukt allereie.
Eg snudde bolen bak-fram slik at flekken kom på baksida. Synest det vart litt kjedeleg med
    berre lus på så eg funderte litt på kva eg skulle gjere med den.Tanken om ein 
knappestolpe slo meg raskt, men sidan dette var ein gensar og ikkje ei kofte
så hadde eg ingen knappestolpe. Men det eg hadde var den smale 
kragen som eg hadde klipt av tidlegare. 



Så var spørsmålet kva eg skulle gjere med klippekanten.
Hadde ikkje vore så fint å sikse over akkurat. Det finaste hadde vore å plukke opp 
mauskane og felle av. Men hadde eg ein liknande tråd eg kunne bruke då? Så då måtte eg igjen på
leiting i tølene mine. Og under over alle under så fann eg ein liten rest av akkurat rette garnet
 i akkurat rette fargen! Så det løner seg å ta vare på små restar - dette garnet hadde eg brukt 
på 80-90 talet då borna mine var små! 



Men eg hadde ikkje akkurat klipt så fint av kragen sidan eg ikkje hadde
planar om å bruke den til noko. Så det vart litt av ein pirke-jobb å rette opp kanten og plukke
opp mauskane. Men fekk det til tilslutt og sydde stolpen fast til bolen med resten av garnet.
Kofteknappane fann eg i syskrinet som også har vore 
svigermor sitt.

Så stolpen er berre juks og bedrag....
men eg synest det vart veldig fint då, og vel verdt arbeidet:)



 Som pynt på puta valgte eg å sy på eit
mørkeraudt hjarte. Hadde lyst det skulle vere litt grovt og "rufsete"
så difor tråkla eg det berre fast med grått ullgarn.

Litt symbolikk her......
....... med hjarte på rette staden:)


Vart kjempefornøgd med denne puta og den er 
så fin der står på kista som også er arv etter svigermor.



 Så får eg heller finne ein anna plass til den andre.
Den skal få seg ei innerpute som passar litt betre.
Den eg har brukt var litt lita så eg har putta inn litt vatt difor 
ser den litt klumpete ut.

Begge putene har fått glidelåslukking i botnen.
Til den største sydde eg det fast for hand med ullgarn og det
vart veldig bra.

To supre puter av ein ullgensar...
slettes ikkje verst det!

Gjenbruk er bra:)

God helg til deg!

Klem frå Alva.

6 kommentarer:

  1. Kjempefine puter !
    For ein fin hyllest av svigermor di, både i ord og ikkje minst i gjenbruk av tinga hennar.
    Er ein kreativ kan ein finne på det meste. Eg er litt misunneleg på dokke som fløymer over av gode idéar...

    Laurdagsklem frå Harpefossen.
    Her snøar det tett, har utsett skituren til det lettar. Og så er det uveret som er meldt då...
    Kjem det eller ikkje ?
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Helt herlig gjenbruk - og fin måte å huske svigermor på. Det skinner gjennom at du hadde et godt forhold til henne.
    Her blåser vi nesten bort denne helga.
    Jeg skal bake kake, for vi skal feire min mors 80-års dag i morgen. Håper kaken blir vellykka :) Fortsatt god helg :)

    SvarSlett
  3. Superfine puter! Det var smart og koselig gjenbruk!

    Jeg gjorde noe tilsvarende til forrige jjul. Det var en strikke kjøpejakke, som jeg ikke klarte å kaste. Var nok fra 80/90-tallet, og ble ikke brukt lenger. Den hadde glidelås. Jeg må ha hatt et annet bakstykke, for så vidt jeg kan huske laget jeg to puter. En niese fikk de til jul. Nå må jeg sjekke om jeg har den på bloggen, for innimellom glemmer jeg å blogge ting.

    Morsomt å se dine gode gjenbruksideer. Godt å få litt inspirasjon!

    SvarSlett
  4. For ein flott måte å hedre svigermor på. Veldig kreativt å bruke kragen til knappestolpe. Det er ikkje vanskeleg å sjå at ho var ein god strikkar, for det er så jamnt og fint. Flotte puter blei det.

    SvarSlett
  5. Flotte puter, og kjekt å sjå att Bjørke:) (har vore mykje der inne) Har lagt meg som følgar av bloggen din, så eg stikk innom igjen:)

    SvarSlett
  6. Så kreativt og vakkert!
    Dette kan kalles herlig gjenbruk, du er en mester!
    Og putene passet så fint på kista, samme fargene går igjen der:)

    Fin dag til deg!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no