fredag 16. januar 2015

UFO


 Denne veska heldt på og bli ein UFO.
Neida...ikkje ein slik ufo som flyg oppe i lufta
men eit uferdig objekt som det vert kalla på quiltespråket.

Eg byrja på den i september og den vart nesten ferdig.
Det som sto igjen var hankane, lomma og lukkekanten.
Så måtte eg ta ei pause frå det meste og veska vart lagt til side.
Her ein dag bestemte eg meg for at den var for fin til å verte ein ufo og tok
og gjorde den ferdig.

Synest den vart vårlig og fin med det søte strameibroderiet
og det grøne prikkastoffet som eg fann på bruktbutikken for ei tid tilbake.
Foret er eit gammalt dynetrekk.


 Slik ser den ut innvendig.
Den har fått avstiva botn i form av ei tjukk papplate.
Veska er sydd etter inspirasjon frå ei av veskene i boka "Vesker og bager sy dem selv"
av Lise Bergene. Prinsippet er det same men måla og hankane er annaleis.


Og jammen vart det ei ny veske til meg sjølv
i same slengen.


Diggar fargane og mønstert i dette gardinstoffet!
Vart superfornøgd med den nye veska mi:)
Heilt meg!


Så må eg få takke for alle dei fine kommentarane
på forrige innlegg om genseren til svigermor som vart til puter!
Takk for ros og og hyggelige ord....det rører
meg djupt!


God helg!

Klem frå Alva.


4 kommentarer:

  1. Stilige vesker! Du er flink med sammensetning av farger og mønster.

    Jeg gikk på et veskekurs for 25 år siden. Var morsomt, men jeg husker ikke noe særlig. Det jeg sydde litt av etter kurset var toalettmapper. Dessverre har jeg ingen av dem selv, men noen ganger finner jeg litt restestoff i mine gjemmer som jeg kjenner igjen fra toalettmappeperioden. Koselig. :-)

    SvarSlett
  2. Knallfine vesker! Jeg likte dem godt begge to, og slike med broderi er jo helt supre :) Jeg har samme stoff som det i den nederste vesken i brunt og oransje - gøy å se det i blått også :)

    SvarSlett
  3. Åh hvor er de bare FINE! Jeg er især helt vild med en første - sikke en skøn kombination af broderi og andre fine stoffer :-))))) SMUKT!
    Tak for din kommentar hos mig - det var virkelig rørende at høre om din nuværende situation...jeg ønsker det allerbedste for dig, og jeg håber, at du passer godt på dig selv :-) Min process er hård og langsommelig....men det er sikkert den eneste vej frem! Og heldigvis går det fremad; selvom jeg har 'ups and downs'...mest 'ups', heldigvis :-))) KH Lilly

    SvarSlett
  4. Hei Alva.
    Kor du kjeme på det.......kor fint med strameibilde på veska. Skikkeleg kreativt. Fargane på den siste likte eg kjempegodt.....sprekt.Flinke du e.
    Ja, eg ser at vi har kosa oss i det same nærområdet siste dagane. Har vore så fint og gir energi til vinterbleike fjes. Ivertfall mitt :))
    God helg til deg.
    MarJEklem.

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no