fredag 2. januar 2015

Veske av gammal pute


Redesign og gjenbruk 
er noko eg brenn veldig for og det eg liker aller best å styre med.
Å ta gamle tekstilar og omskape dei til noko heilt anna enn det dei var er både spennande,
 ufattelig moro og ikkje minst miljøvennlig!

I staden for at slike gamle skattar vert kasta
får dei nytt liv i form av f.eks. ei veske og lever på den måten vidare - og den som får den i
eige treng ikkje å gå i  butikken og kjøpe seg ei ny.

I tillegg får ein eit unikt produkt
som garantert ingen andre har maken til!

(Veit eg har terpa på dette før men synest det er eit viktig tema!)

Dette putetrekket synest eg var så fint at eg ville
prøve å bruke det i si heilheit sjølv om broderiet var litt slitt nokre plassar.
Så då var det berre å gå på jakt i skuffer og posar etter passande tråd til å bøte med.
 Den grøne tråden eg brukte til eit av blada er ikkje heilt lik resten
 - men synest ikkje det gjer noko.


Putetrekket var i ganske tynt ullstoff men heilt og fint.
  Eg bestemte meg for å vattere veska for å gjere den stødigare og sterkare.
 Quilta den på maskin i ytterkanten av alle dei brune sirklane
for å gjere den endå meir solid.



 Der det er fire knappar i den inste sirkelen
var det broderte gule blad. Dei var ganske slitte så då vart det knappar der i staden.
Synest det gav ein fin effekt. Nesten som små soler!
(Ser du at knappane smiler?  Hi hi...)



 Innvendig har den fått skjult glidelåslomme på eine sida
og åpne lommer på andre sida. Grunda litt på kva slags lukking eg skulle ha på den....
landa tilslutt på ein enkel variant med ein gammal avlang treknapp
og ei skinnhempe som eg skar til av ein bit
brunt skinn.



 Synest baksida vart litt trist
så eg applikerte på ein blome maken til ein av blomane på framsida.
Veska står no på den gamle Jorastolen i gangen og er
som eit smykke der.

Vart veldig fornøgd med den og kjenner at
denne kunne eg lett teke i bruk sjølv:)


Elskar denne hobbyen min eg.....:)


4 kommentarer:

  1. Fantastisk flott veske! Så godt at du fekk bruke heile broderiet, og smilande knappar gjorde susen! Berre terp vidare på gjenbruk, for redesign er så bra og så kjekt;) Nyt det nye året og bestemorsvangerskapet.

    SvarSlett
  2. Kjempeflott at du har brukt det fine broderiet og trylla frem ei så fin og anvendelig veske. Trist om trekket bare hadde blitt kasta fordi broderiet var litt slitt eller at eieren ikke ville ha slike puter lenger. Liker godt å se alle "finessene" både utenpå og inni. Dette er klart ei veske mange vil ønske seg :) Ja, vi er heldige som kan kose oss slik med hobbyen vår - en sunn en :)

    SvarSlett
  3. Du er utruleg kreativ og flink.
    Dette er eit nytt meisterverk frå di hand.
    Eg fekk veske av 12 år gamle Celina Marie som ho har laga på skulen,
    den er så fin og med mykje arbeid. Kanskje eg skal lage blogginnlegg om den....

    Fin første helg i 2015.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Fin pute ble kjempefin veske!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no