tirsdag 10. februar 2015

Moods of norway-veske



 For ei tid tilbake fann eg ei moods of norway bukse på bruktbutikken.
Buksa hadde mange fine detaljar så eg såg at det kunne verte ei stilig veske av den.
Modellen var litt utdatert med oppbrett nede i same stoff som inne i linningen
og veldig smale bein men likevel posete fasong.
Så det var ikkje så vanskelig å sette saksa i den. For sikkerheitsskuld prøvde eg
buksa på men den passa på ingen måte. 




 Det var eit lite hol under eine lomma så der applikerte eg på ei stjerne sidan det er
stjerner inne i linningen. Det skulle vel helst vore ein traktor då...
men ei stjerne var litt enklare å få til:)



 Den fekk ei enkel lukking med strikkhempe rundt knappen.
Å sy glidelås i slike buksevesker er ein tung jobb for både hender og symaskina.
Så her let eg det vere sidan dongerien er ganske kraftig




 Og slik ser den ut bak.
Baklommene sat ganske langt nede så eg vurderte om eg skulle sprette dei av og flytte dei opp.
Men då hadde det vorte fargeforskjell sidan buksa er litt utvaska. 
Så eg let det berre vere slik.



Likte denne veska eg:)

Alva.

5 kommentarer:

  1. Stiilig !!
    Du lyt sende ein link til Stryn så kanskje dei brukar tipset til nye produkt :)

    Fin dag i snøveret !
    Klemf rå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Innom bloggen din for å se på den kjempetøffe veska - supert med slike bruktfunn, og ikke minst dine dyktige hender som kan trylle den om til ei slik kjekk vekse!
    Jeg var heldig og fant ei slik Moods of Norway bukse til eldstemann. Den passa helt perfekt, så det var kjempegøy å ha slik flaks. Nå er det favorittbuksa hans :) Håper du har hatt en fin fastelaven - vi har hatt ei typisk "fastelavens ri" som mi mor alltid sier. Rart hvordan det treffer slik på været med regn, snø, sludd og litt vind :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Aha! Kanskje det er ei herre bukse og derfor fasongen var så "rar" Det tenkte eg ikkje på.
      Tusen takk for fine ord, både her og i forrige innlegg. Kjekt du tittar innom av og til, saknar deg:)
      Her har vi hatt nokre strålande flotte dagar, litt kald vind i dag til tross for at gradestokken viste 8-9 grader.

      Slett
  3. Alva, hvor er den bare FED og super sej!!! Sikke en god idé til en taske :-) Nu irriterer det mig grusomt, at jeg fik smidt 'toppen' af hubbys gamle cowboybukser ud, da jeg syede til Bettefisen http://lillyslounge.blogspot.dk/2015/01/genrbug-fra-store-til-sma-cowboybukser.html

    - der havde jo ellers været til en fin taske også! Øv. Nå, men jeg har nu noteret mig denne fine idé til kommende cowboybukser, der skal klippes itu og genbruges på bedste vis ;-)

    KH L

    SvarSlett
  4. Den ble helt super!
    Du er knallbra på gjenbruk og redsign!
    Likte også kjolen i forrige innlegg:)
    I dag fant jeg ut at det var nesten en måned siden mitt forrige innlegg....bloggen er blitt mer som en månedsblogg, håper blogglysten tar seg opp,er jo så masse fin inspirasjon rundt om på bloggene:)

    Ønsker deg ei forsatt fin uke!
    Klem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no