søndag 1. februar 2015

Pimpa kjole frå bruktbutikken.


For vel ei veke sidan var eg ein tur på bruktbutikken.
Det vart ikkje dei store og spennande funna, men eg fann ein denimkjole som eg straks såg hadde eit
potensiale. Når den så i tillegg var i min størrelse var saken klar.  Og for ein femtilapp
vart kjolen min.



Under her ser du korleis den såg ut.
 Veldig enkel og nesten fotsid. Er nok nokre år sidan denne modellen var på mote.
Men eg elskar slike denimplagg og såg fort kva eg skulle gjere med den. Etter å ha prøvd den på heime såg eg at folda framme måtte vekk for eg såg veldig gravid ut i den sjølv om magen ikkje er så veldig stor. Og eg er langt over den alderen så ein gravide-kjole treng eg ikkje :)

Det er tilsvarande fold bak også men den måtte vere skulle rumpa få plass;)

Det første eg gjorde var å klippe den av i knehøgde.
Så sydde eg folda fast med dobbelstikning foran. Selane var litt lange 
så dei måtte eg korte inn for kjolen hang ikkje fint på meg. Det vart den mest omfattande
jobben sidan det er belegg på innsida. Men det måtte til. Sydde den også litt
inn på kvar side slik at den fekk ein smalare fasong.

Det siste eg gjorde etter å ha lagt den opp 
var å applikere på blomen midt foran.

Og slik vart altså resultatet.
Veldig fornøgd og heilt meg i mine favorittfargar:)


Med matchande veske så kan sommaren berre kome for min del:)
Denne gongen måtte eg sensurere hovudet for etter å ikkje ha sove for heile natta
er eg ikkje så veldig fotogen. Eg er ein periodesovar - i tida rundt fullmåne søv eg fint lite eller
som denne natta - absolutt ingenting. Slitsomt.....  men plutselig så får eg sove greit igjen.

Denne veska må eg berre ha sjølv no når eg
har ein kjole som den passar så fint til.

Så no er eg heilt klar for sommar med ny kjole
og hippie-veske:)

Ønsker alle der ute ein fin vinter-søndag!

Klem frå Alva.

3 kommentarer:

  1. Sommer ja, det gleder jeg meg til. Er ingen vinterdame. Kjolen ble søt, og ser veldig myk og god ut.

    SvarSlett
  2. Så kjekt å lage nytt av brukt! Kjempefin blei den! Eg har eit lass med klede som eg har lyst å bruke til redesign, men så er det den evige tida då! But time will show;)

    SvarSlett
  3. Wow, kjempetøff gjenbruk av den kjolen. Så flink du er til å gjøre den om - det ser helt ut som om den alltid har vært slik. Og med veska til ble det et fint sett. Fortsatt fin søndag til deg. Her skinner sola så fint, men jeg har sittet inne og lest. Tror jeg sniker meg ut en tur :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no