torsdag 14. mai 2015

Festdrakt til baby

Først av alt:
Tusen takk for dei koslege kommentarane på forrige innlegg!
Kjekt å vere tilbake når ein får slik velkomst:)

Eg lovde å vise noko anna eg har laga til det vesle barnebarnet mitt - og her er det:
 Ei nusseleg lita festdrakt til 17.mai!

 Drakta er sydd etter mønster frå boka
"Små kreasjoner til baby og dukken" av Anne Grete Gaaserud.
Eg har brukt andre fargar enn det som er brukt i boka slik at den får eit meir
bunadspreg og perfekt til 17.mai!




Veldig morsom å sy og det som var litt artig var at eg fann
alt eg trong i hyller og skuffer på syrommet unntatt knappane til bunaden.
Den fine sølja har vore mi og er vel godt over 50 år!



Buksestoffet er eit gammalt dress-stoff eg fann på bruktbutikken 
for lenge sidan. Trur det er ull blanda med noko syntetisk. Perfekt å bruke
til bukse for det krøllar ikkje.

Bak knappen her er det ein stor trykknapp.
I mønsteret sto det at det skulle brukast spenne, men eg valgte altså
denne løysinga.




Gler meg til å sjå den i bruk om nokre dagar!
Mora til babyen - mi dotter er sjølv født på 17.mai så den dagen
er ekstra spesiell her i familien.

Då ho var lita trudde ho at alle flagga for henne den dagen:)

Ønsker alle ein flott 17.mai!

Klem frå Alva.

4 kommentarer:

  1. Først vil eg gratulere deg så mykje som mormor! Såå nydelege ting du har laga til den lille. Og 17.mai blir han nok ekstra beundra i denne flotte bunaddrakta. Broren min er også født 17.mai, og han trudde også lenge at dei flagga for han;) Til lykke med nasjonaldagen!

    SvarSlett
  2. Så søt! Gratulerer med den kommende dagen!

    SvarSlett
  3. Flott liten bunad.
    Det står ikkje på når ein har ei hendig og kreativ mormor :)

    Ynskjer dokke ei fin 17maifeiring.
    Vona regnet held seg unna...
    Eg skal gå i toget med Ella Victoria i vogn i lag med systra og andreklassa. Begge foreldra er
    i 17 maikomiteen. Her i bygda er det foreldra til 5. og 7. klasse som er med der.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Så utrolig flott!
    Tenker den lille blir flott i denne:)
    Husker jeg sydde lignende bunad til guttene mine da de var små, tror de finnes et sted ennå:)
    Håper du har hatt en fin 17.mai feiring.

    Ønsker deg ei flott ny uke!

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no