søndag 31. mai 2015

Retrohelg i Bakketunet


Når Bakketunet på Bjørke lokka med retrohelg denne helga
så kunne eg sjølvsagt ikkje halde meg unna - retrogal som eg er:)

 Der var utstilling av radioar og teikneseriar......


 Ein slik radio kunne eg tenkt meg å eige!
Helst den oppe til høgre om eg fekk velge, hi hi....



Mykje nostalgi her......



 Staselege køyrety av ulike rasar.....



 Dåååån! Denne kunne eg også tenkt meg:)

Det særmerkte fjellet i bakgrunnen heiter Kjærringkjeften.
Ser du henne? Dama som har gjeve namn til fjellet altså?
Ser du profilen hennar der ho ligg på rygg med håret fløymande bakover og toppen 
til venstre er brystet? Der ja....no såg du det tenkjer eg:)


Snerta boble....




 Og så skal retrosalongen offisielt opnast.
Tunvertinnene er tidsrett kledde for høvet og oppmoda dei vitjande til å gjere det same.
Så eg stilte i ein av mors kjolar frå 60 talet. Korleis den ser ut kan du sjå her.
Retrosalongen held til i huset i bakgrunnen der du ser det blå skiltet.
Kva retrosalongen er skal eg forklare etterkvart.

(Sjekk den lekre parasollen då!)


 Snora vert klipt og salongen er open.



 I retrosalongen er alt til salgs.
Alle møblar og alt interiør kan kjøpast og nye ting vert sett inn etterkvart som ting går unna.
I tillegg er det ein kafe med enkel servering.



Diggar palmetapeten!













 Bakketunet ligg vakkert til i naturskjønne omgjevnader.
Vil du vite meir om Bakketunet kan du sjå her og lese eit tidlegare blogginlegg 
eg har laga om dette tunet. 




I Bakketunet finst nokre av dei eldste og best bevarte bygningar i landet.



Nostalgi frå røykstova.





Det kan nesten ikkje verte vakrare enn dette!
Det måtte einaste vere om himmelen var blå:) Dagen starta flott men det skya desverre til
etter kvart utover dagen og enda med skikkelige regnbyger.
Fjellet i bakgrunnen er det majestetiske Bjørkehornet.


Alltid koseleg å ta turen til Bakketunet.

Takk for meg for denne gong:)

Alva


6 kommentarer:

  1. Herlig innlegg!
    Så gøy å se alle de fine bildene:)
    Husker min oldemor hadde et slikt skap med glassdør og lys i, bringer frem mange fine minner:)
    Fin kveld til deg!

    SvarSlett
  2. Kor kjekt. Her var det skikkeleg retro og mange kjende ting.....flott.
    Har kosa meg i matbloggen din. Der var det utruleg mykje fristande. Heilt sikkert at noko av det eg sikla etter der blir laga :))

    SvarSlett
  3. Fantastisk flotte bilde av mange spennande ting frå ei svunnen tid.
    Forsømde meg der, som ikkje tok turen til Bjørke.

    Ynskjer deg ein fin juni !
    Klem

    SvarSlett
  4. hei. fint innlegg
    skulle gjerne vært der selv, men kunne ikke.
    er det ok at jeg lenker til innlegget ditt på gjenbruk ålesunds facebooksider.
    tenkte å tipse våre 650 lesere om bloggen din :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei! Ja det er sjølvsagt heilt i orden! Berre hyggeleg det:)

      Slett
  5. Så gøy med en slik retrohelg. Mange fine ting fra en svunnen tid. Og plassen - nydelig natur. Håper mange kommer og handler disse fine tingene som fortjener å bli brukt i mange år enda. :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no