lørdag 13. juni 2015

Fin - fine bruktfunn


Det er lenge mellom kvar gong eg finn skikkelige godbitar på bruktbutikken no for tida.
For nokre veker sidan flytta den lokale bruktbutikken frå eit litt avsideliggande og veldig uoversiktelig lokale over to  etasjer. Der var ganske rotete og fullt overalt. No har dei flytta til eit lokale der det var ein daglegvarebutikk før med alt på ei flate og mykje meir oversiktelig.
Og mykje nærare meg! Eg ser faktisk butikken frå stoveglaset mitt:)

 Minuset er at besøkstala har eksplodert sidan dei ligg så sentralt rett ved ei ferdselsåre
og dermed forsvinn varene fortare ut og det er vansklegare å finne
det ein jaktar på.

Men eg har likevel funne nokre godbitar i det siste.




 Blant anna dette dynetrekket i deilige fargar.....



eit skjønt barnesengesett med dei finaste Donald-figurar på.....




......og ikkje minst denne herlege barneboka frå 1975!



Den har slike fantastisk flott teikningar at eg blir nesten heilt bergteken!



Historiene er kanskje litt naive og ikkje heilt "up to date" 
(og med aldri så lite moral), men litt morsomme likevel:)




Dåååån seier eg berre!



Dei flotte teikningane er laga av F. Kuhn. 


**************


Langt mellom innlegga herifrå no......
verken bloggelysta eller forma er på topp for tida.
I tillegg slit eg med å få legge inn bilde på pc-en -  det tek så utruleg lang tid
for eg får berre feilmeldingar heile tida og må starte på nytt.


Neste helg opnar Postkjellaren for sesongen.
Eg har vore litt i tvil om eg orkar ein sesong til.....men ved hjelp av kjekke
og hjelpsomme familiemedlemar ser det ut som det skal gå. 
Eg er ikkje alvorleg sjuk men har nokre
helsemessige utfordringar.

Skal prøve å få lagt ut nokre bilde frå Postkjellaren neste veke.

Ha det fint så lenge!

Klem frå Alva.



6 kommentarer:

  1. Du har funne nokre lekre godbitar i Brukthandelen. Eg visste ikkje at dei har flytta, men finn dei lett då forstår eg..
    Leit å høyre at du slit med helsa.. Vona det er hjelp å få.
    Lukke til med opning i Postkjellaren , vona det blir sommarver så folk får lyst på tur.
    Ps. I skrivande stund er pizza nr. to i omnen, ventar på gjesta. Oppskrifta di ligg framføre meg :)

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Fine skattar du har funne;) Synd at helsa ikkje er på topp. Håper det betrar seg. Vi fekk tak i trådlaust nettverk, og no ploppar bileta inn nesten med ein gong. Tidlegare tok det ei evigheit å laste bilete inn på bloggen.

    SvarSlett
  3. God bedring! Det er morsomt å se hvor mye fint du finner.

    SvarSlett
  4. Fineste barneboka - som jeg jo liker kjempegodt på grunn av tegningene. Stoffet var også fint - jeg har blomsterstoffet i en annen fargekombinasjon. Likte det godt i grønn-turkise, og Donald blir aldri feil :) Håper formen bedrer seg - ikke noe er så tungt som når helsa ikke spiller på lag.
    Klem :)

    SvarSlett
  5. Flotte godbiter du har funnet!
    Tror faktisk vi har et slikt Donaldsengetrekk fra barna var små:)
    Og så fin barnebok, med koselige tegninger, gøy å se!

    Ønsker deg god bedring og lykke til med postkjelleren!

    Varm klem

    SvarSlett
  6. Øøøj, sikke nogle fantastiske fund :-) Wow! Herligt at genbrugsbutikken er flyttet tættere på dig - men ja, der er jo så også noget større 'konkurrence' om de gode fund! Tror det er en tendens over hele Skandinavien lige nu...

    Rigtig god bedring til dig - håber at du finder en god vej frem, der passer til dig og dine helbredsmæssige udfordringer.
    KH Lilly

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no