torsdag 18. juni 2015

Sesongopning 2015



Komande helg er det altså klart for sesongopning i Postkjellaren.
Då er det "Midsumardagar" og mange aktivitetar i bygda. 
Programmet finn du nederst i innlegget.

Her er nokre bilder frå årets utstilling:


Den gamle kommoden fekk eg min far og mann til å slepe ned frå loftet!
På grunn av gammalt hus med kroglete og bratte trapper måtte den berast ned utandørs
via terrassedøra, ned ei trapp, bortover plenen og opp ei trapp, ned ei braut, innover vegen og oppatt ei trapp og inn i postkjellaren! Eg er imponert og takksam for at desse kjekke karane er med på alle mine ville idear. Og ikkje minst takk til mi kjære mor som "ofra" kommoden på gjesterommet fordi
eg MÅTTE ha den ned i kjellaren! 


 Men jammen vart det fint då! 
Synest den passa perfekt der under vinduet.
Stigehylla ved sidan av er meir moderne og eit bruktkjøp, men synest likevel den passa godt inn.
Og veldig fin til å stille ut i.



Nåleputer av broderte brikker.



 Alva og Klara sit høgt på strå.
Alva i dåpskjole og Klara i  strikka Marius-sett.
Skjørta på dåpskjolane er laga av eit gammalt blondeskjørt.
Overdelane  og luene er frå gardinkapper.
Berre gjenbruk altså:)



 Og her er Oskar i den gamle barnestolen med 
herlege smekker i gjenbruksstoff.

Oskar er babydokka til dotter mi.
Både han og Klara fekk sine namn av henne i det ho pakka dei ut då ho fekk dei i 4-5 års alderen.
Ho hadde visst namna klar av ein eller anna grunn.



Synest alltid det er så vanskeleg å ta gode bilde av utstillinga.
Synest det ser så rotete ut på bilda......





Unik veske laga av klokkestreng med lomme av ein hekla prøvelapp
og tova tøfler med hekla pynt.



Eg er veldig takksam for den hjelp eg får av familien no sidan forma mi er slik som den er.
Særleg min gode husbond fortjener ei stor takk fordi han alltid støttar meg - uansett!
Utan den hjelp og støtte hadde eg ikkje klart ein ny sesong.
Så ei varm takk til dokke alle som er der for meg!

Og takk for alle gode helsingar i forrige innlegg!
Set stor pris på kvar og ei:) 



Her er programmet for helga:


Postkjellaren har altså ope både laurdag og søndag kl. 12-17 denne helga.
Opningstidene resten av sommaren vert søndagar kl. 13-17.

Velkomen til Bjørke!

5 kommentarer:

  1. Wow - så fint du har fått det i butikken - alt strevet med kommoden gav et flott resultat :)
    Og så mye fint du har laga. Har du hekla teppene også? Kjempekoselig butikk. Må være fint å ha alt stående oppe i butikken gjennom hele sommeren.
    Jeg håper jeg kan komme meg på det markedet som regna vekk i fjor, men det er litt strev å lagre alle tingene pent så de ikke blir krøllete til når jeg skal bruke det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Elisabeth! Dei hekla teppa er vognteppe som eg hekla for nokre år sidan då mannen var sjuk og vi var mykje på sjukehus. Måtte ha noko mellom hendene då:) Trur eg laga 6 stykker. Har to igjen no. Klarar desverre ikkje hekle lenger etter at eg fekk problem med tomlane.
      Ja det er lett for at tekstilane krøllar seg under lagring. Eg brukar å henge alt opp på eit klestativ når det nærmar seg sesongstart og la det stå ute i litt fuktig ver (gjerne under tak) då vil det glatte seg ut litt samtidig som det får lufte seg:)

      Slett
  2. Oij, jammen har du fått i stand mange flotte ting til sommarens eventyr.
    Artig med flyttinga av kommoden, godt å ha gode hjelpara. Me har same kommoden, og den er eit slit å flytte på.
    Det var solide materialar dei brukte før i tida.
    Lukke til med helgane i Postkjellaren, vona du får mange besøk !!

    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  3. Oj, oj! Her var det mykje fint, og utstillinga var flott. Lykke til! Det hadde vore kjekt og kikka innom ein gong;)

    SvarSlett
  4. Hold da op - sikke nogle skønne ting og sager; stedet oser af godt håndarbejde og nostalgi! Ville ønske jeg liiiige kunne slå et smut omkring :-) Ønsker dig held og lykke og håber, at du får en rigtig god sæson. KH L

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no