mandag 13. juli 2015

Orange snop




Nokre orange retroskattar har dukka opp i min vei:)


 Til venstre ein kjempefint dynetrekk og til høgre ei lengde
med ei superretro gardin. Slik gardin hadde faktisk eg og lillesøstra mi på rommet vårt
på 70-talet, så denne vekkjer mange minne!




Denne krukka synest eg er sååå stilig!
Til hausten skal eg kjøpe meg ei potteplante med orange blomar på til denne.
Ei gerbera må vel vere heilt perfekt:)


Og denne dokkeberebagen anar eg ikkje kva eg skal med 
men måtte berre kjøpte den då eg kom over den for ein slikk og ingenting.
Synest den er sååå kul! Skal prøve å fikse reimane og glidelåset
må skiftast. 

Men det lyt nok vente, for ein lei senebetennelse i handleddet
har sett ein stoppar for alt som heiter handarbeid for tida. Vart litt overivrig med 
strikking og det straffar seg.....


Det vert langt mellom innlegga no -
men eg har hatt store problem med å importere bilde frå kamera til pc,
og når eg omsider har greidd det er det nesten umulig å rediger og lagre bilda.
Skjønnar ikkje kva som er feil og det gjer ikkje mine datakyndige born heller. Får stadig opp
melding om at filen er skada eller at eg ikkje har løyve til å lagre i den mappa.
Merkelige greier........og irriterande!

Så tips takast i mot med takk!

5 kommentarer:

  1. Eg, som har hatt mykje oransje i mitt vaksne liv, får nesten litt hjertebank når eg ser desse tinga du har fått tak i.
    Håpe du finn ut av problema med bildeoverføringa. Kanskje du kan spørje nokon i ein fotoklubb visst der er det i Ørsta ?
    Tusen takk for den fine kommentaren på innlegget mitt om mor mi. Då ho miste mor si var ho heldig på den måten at ho hadde eldre sysken, og ei ugift tante som budde i huset. Ho tok seg av veslesystra til mamma som berre var 1 år.
    Det var nok vanskeleg i mange familier i dei dagar då hjelpeapparatet ikkje var som det er i dag.
    Ha ein fin kveld.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Åh, nå ble jeg misunnelig. HELT LIK dukkebag hadde jeg da jeg var lita og den sparte jeg til første barnet her. Så skulle mannen min passe på ham en dag og de gikk ut og tok med seg dukkebagen - siden har den vært borte for alltid... Jeg var så sint på mannen da, men han kunne ikke finne ut hvor bagen var mista... Heldige deg som kom over en slik - si ifra om du vil selge den, men jeg skjønner jo veldig godt om du ikke vil nå som du har barnebarn :) :) Stoffene var også fine :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så artig at du hadde samme dokkebag, Elisabeth! Denne selger eg gjerne til deg :) Resten tek vi på mail;)

      Slett
  3. Så kjedelig med senebetennelse. Håper du raskt blir bra igjen. Må ta vare på kroppen. :-))

    Fortsatt god sommer.

    SvarSlett
  4. Mange flotte orange saker!
    Husker jeg hadde en slik dukkebag da jeg var lita, men husker ikke om det var akkurat i disse fargene:)
    Koselig gjensyn:)
    Og den blomsterkrukka var det også noe kjent med:)
    Håper du finner ut av de problemene med biledoverføringa.
    God bedring med senebetennelsen,og fortsatt god sommer!

    Sommerklem

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no