tirsdag 25. august 2015

På ein kvitmalt benk i hagen.....



Det vart visst ei lengre bloggepause enn planlagt dette.
Det er fleire grunnar til det....ein av dei er at eg jubla litt for tidleg når det gjaldt dataproblema.
Rett etter forrige innlegg oppdaterte eg til Windows 10 etter sterk tilråding frå eldstemann.
Det angra eg på i ettertid for det vart heilt umulig å overføre bilde til pc igjen.
Men etterkvart har vi funne ein måte å få det til på via eit anna bildegalleri og 
så må eg bruke minnekort og ikkje overføringskabel slik eg er vandt med.
I tillegg har syproduksjonen av ulike årsaker vore svært liten 
så det har vore lite å blogge om. 



Men no har eg i allefall sydd meg eit par nye puter
til benken på den flotte uteplassen mannen har laga til meg i sommar.
Han er så grei slik.....eg seier kva eg ønsker og han gjer jobben.
Så hjelper eg til med det eg greier.

Benken har vi hatt nokre år - den har stått ute og var både rusten og slitt 
og malinga flassa av i store flak. Hadde den vore slitt på ein "fin" måte hadde eg beheldt den slik
for eg likar at ting ser gamle og brukte ut. Men det var den på ingen måte-
så då måtte det maling og hammerlakk til.
Det vart min jobb då:)



 Putene er sydd av eit fantastisk fint dynetrekk som er eit av sommarens bruktfunn.
Det er veldig tynn kvalitet på det så eg har forsterka det med kvitt lerretstoff på innsida.
Elskar mønsteret og fargane i det og synest det var perfekt til puter!



 Og så passa dei perfekt til teppet eg allereie hadde kjøpt inn
til kjølige kveldar. Får eg ånda så lagar eg kanskje eit lappeteppe også.



Veldig fornøgd med både uteplassen, benken og putene.
Dette er ein skikkelig koseplass. Forrige veke var det ein kveld som var veldig
varm og lun - då sat eg her på benken med tende lys og lykter 
til klokka var 00.30! Det var koselig:)


Siste par vekene har sommaren virkelig kome for fullt 
og det har vore utrulig deilig etter ein heller våt og kald sommar.
No regnar det litt igjen men håper vi får fleire slike
gode dagar.


Laurdag var det duka for distriktets største loppemarknad 
og forventningane var skyhøge! I fjor gjekk eg glipp av begge loppemarknadar 
som var i området her pga jobb så no var eg meir enn klar og veldig spent! Men eg må sei skuffelsen
var ganske stor. Det var lite spennande varer og ganske høge prisar i forhold til
tidlegare. Tekstilar var der nesten ikkje i det heile. Så eg gjekk nesten 
tomhendt derifrå.

Er det andre som har gjort seg den erfaring at loppmarknadane vert
dårlegare og dyrare? Litt av vitsen med det er vel at det skal vere billig vel?
Pengane går rett nok til ei veldig god sak, men når prisane er høgare enn på bruktbutikken og
ei dame bak bordet seier at her er ikkje rom for pruting då har dei vel
misforstått litt......

3 kommentarer:

  1. For en koselig uteplass dere har fått! Håper det kan komme litt mer sommervær før høsten tar helt over.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje vore på loppemarknad på eit par år, det har ikkje passa.
    Men dei må kjenne si besøkelsetid, no når det er så mykje fint i bruktbutikkane.
    Nokre av dei også er høgt prisa er mi erfaring.
    Den flotte benken med puter får eg håpe du får bruke mykje. Det er berre lekkert !
    Når det gjeld bildeoverføring brukar eg å sette minnebrikka i pc-en, prøvde første åra med kabelen, men
    kava med det. Så spurde eg i fotoklubben kva som var best, og alle sa dei flytta minnebrikka til maskina,ved overøring,
    så sidan har eg ikkje stussa på det.

    Ha ein fin onsdag sjølv om det regnar...

    SvarSlett
  3. For en nydelig uteplass dere har, og ikke minst for et vakkert sted med fjord og fjell i bakgrunnen. Ikke mange som har slik en flott utsikt :) Putene var kjempefine. Jeg har også en bit av det stoffet, men har ikke satt saksa i det enda. Ja, jeg har vært på noen loppemarkeder i det siste, og der var prisene som vanlig - heldigvis. Det siste jeg var på hadde så lave priser at jeg syntes nesten de var for lave på flotte møbler for eksempel. I dag var jeg i en bruktbutikk som bare har oppe noen timer en gang i uka. Da kom jeg tilfeldigvis først i køa, og var heldig og fant et fint fat :) Fortsatt fin uke til deg :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no