lørdag 26. september 2015

Superfin Retrokjole og fine bruktfunn



No let eg det stå til og legg ut eit bilde av meg sjølv!
Det er berre for at de skal få sjå kor godt eg kler denne fantastisk flotte forklekjolen
eg fann på ein bruktbutikk nylig...hi hi...
 De kan tru eg heldt på å dåne då eg drog fram denne frå nederst i ein bunke med forkle!
Og lukka var stor då eg prøvde den på og den passa sånn nokelunde. Litt stor men ikkje verre
enn at det går. Må finne eit belte til å ha i livet, på bildet har eg "dytta" den litt bak på ryggen.
Til og med i mine favorittfargar då! Og kjempekult mønster - berre diggar den!
Korga er også bruktfunn - er så svak for korgar og denne var så lita og søt.
Fann forresten to heilt like:)



Her er den uten meg inni:)

Bruktbutikken eg fann den i har eg aldri vore på før for den ligg milevis unna 
her vi bor. Ja vi brukte heile dagen på turen, men det var det vel verdt for eg fann 
fleire godbitar, sjå berre under her!



 Fleire meter med ekte busserullstoff frå 70 talet!
Og det passar veldig bra for eg har hatt planar om å sy busserullar for å ha noko
til gutar også men har mangla passande stoff. Så med dette pluss eit av stoffa eg fekk frå 
husfliddamene har eg noko å starte med.  Det blå stoffet ser ut som dongeri men det er det ikkje.
Det er nok eit buksestoff - også frå 70- talet men eg er litt usikker på kva 
slags kvalitet det er. Muligens blanding av noko slag. 




 Dette lyste mot meg på lang avstand og eg nærast stupte mot
reolen der det låg sjølv om eg ikkje hadde særleg konkurranse....ja faktisk
var vi dei einaste i butikken akkurat då. Supertøft retro dynetrekk i god kvalitet.
Der var ein heil vegg med reolar fulle av tekstilar så det vart ein skikkelig gravejobb å gå gjennom 
alt. Tydeligvis er ikkje retro det heilt store på denne plassen for der var mykje fint i desse reolane. Men eg prøvde å vere litt kritisk og streng med meg sjølv og ta berre det beste -
for syrommet mitt er sprengfullt av stoff allereie.



 Desse superfine gardinene kunne eg ikkje gå i frå i allefall!
Desverre er det 100% akryl så eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke det til.
Stoffet er litt mjukt så ikkje så veldig egna til skukderveske. Får la det ligge litt så 
kjem det vel ein ide etterkvart:) Puter kanskje?


På veg heimover køyrde vi over gamle Strynefjellsvei.
Det er ein smal grusveg med stabbesteinar og lite trafikk så her brukte vi lang tid
og hadde mange stopp for fotografering. Der var slike fantastiske haustfargar som eg aldri 
har sett maken til! Vi parkerte bilen og rusla litt innover fjellet etter ein fin sti. Der var så stilt og fredelig - ingen trafikk og ikkje eit menneske å sjå. Sola skein frå ein nesten skyfri himmel
så dette var balsam for kropp og sjel! Berre vi to i dette eldoradoet av fargar....
kan nesten ikkje beskrivast for ei oppleving dette var.
Sjå på bilda under så kanskje du får ei lita aning:



















Takk for koselige helsingar til dokke som la 
igjen kommentar i forrige innlegg. Eg prøver å takle kvardagen 
så godt eg kan men med mykje smerte er det ikkje alltid like lett. Slike
opplevingar som eg har skreve om her gjer det lettare...det er det ingen tvil om.
Det gjev eit påfyll som ein lever lenge på.


Ha det fint der du er.....
kjem tilbake når eg har noko kjekt å blogge om:)

Klem frå Alva.


5 kommentarer:

  1. Så fint bilde av deg, og den kjolen passa du kjempegodt. Den var veldig fin sammen med jeans! Jeg passa en retro kjole i en lekker grønnfarge, men den var dessverre i størrelse 44 så da måtte jeg henge den tilbake :)
    Supert med de praktiske blå stoffene pluss lekkert retro gull - flotte funn.
    Håper virkelig formen bedrer seg så du får sydd litt.
    Fortsatt fin helg :)

    SvarSlett
  2. Kul kjole. :-) Nydelige høstbilder, ser ut som en flott tur.

    SvarSlett
  3. Kor fin du er !!
    Kjempefin kjole,
    Di hadde deg ein skikkeleg god dag der forstår eg, bakom fjella.
    Kjekt å fare andre stadar enn dei vanlege. Me var innom den i di kommune og fann
    ein spegel i den str me har leita etter i fem år, til gangen på hytta. Den har vore umuleg å få tak
    i. Det var stor glede den dagen.
    Du og du for nokre fargar i fjellet. Og så er dokke dyktige med kamera ! Fantastiske bilde !
    Kor trasig at du ikkje er betre i handa. Håpe virkeleg at du snart får ei behandling som virka.

    God søndag !
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett
  4. Dette var supert Alva og du bør absolutt legge ut flere bilder av deg selv, flott og slank dame :))))))
    Herlig med alle disse retro stoffene <3 Jeg var så heldig å få tak i retro kopper ;) Skulle ønske jeg var like flink å sy som deg :)
    Kanskje du kan ha et sykurs ;)

    God klem Bente

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for mange flotte ord, Bente:) Veldig hyggelig av deg! Synest ikkje sjølv eg er spesielt flink til å sy då....det er såååå mange andre flinke rundt om! Men eg kosar meg veldig med å sy og sette sammen stoff og fargar. Og så er eg veldig nøyaktig og slurvar aldri. No blir det ikkje noke sying på meg for forma mi tillet ikkje det endå. Men eg håper å kome sterkt tilbake snart. Sykurs trur eg ikkje eg er kompetent til å halde,...hi hi...

      Slett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no