mandag 26. januar 2015

Ny matblogg


Som om eg ikkje allereie har nok bloggar
(eg har også ein fotoblogg i tillegg til denne) så har eg no også laga ein matblogg.
Eg har leika med tanken ei stund fordi eg har sett at dei oppskriftene eg har delt her inne har svært gode besøkstal. Og sidan eg også har mange gode oppskrifter eg ønsker å dele med andre vart det til at eg laga meg ein matblogg. Det eg ønsker å sette fokus på er mat laga frå botnen av og at det nødvendigvis ikkje treng vere så komplisert eller tidkrevjande. I tillegg så er det mykje sunnare og smakar såå mykje betre. Bloggen har fått namnet "Matlaging". Det var ikkje så lett å finne eit namn som ikkje allereie var i bruk. Eg måtte gå tilbake i tid for å finne eit høveleg namn....eg tenkte på kva som vekte interessa mi for matlaging og det var nok på skulekjøkenet det skjedde. Og hustelltimane kalla vi enkelt og greitt - matlaging. Og det synest eg er eit dekkjande namn for bloggen.


Det er ikkje så mange oppskrifter der endå, men fleire innlegg er under planlegging.
Det tek litt tid for maten må lagast først og bilde takast. Nyttar ikkje å leggje ut oppskrifter utan bilde.
Foreløpig ligg der oppskrift på mine sprø og gode knekkebrød og den supergode lasagnen min.
Og bloggen finn du HER. Det ligg også lenke i sidefeltet her. 
Du er hjarteleg velkomen til å følge matbloggen min!

Alva.

lørdag 24. januar 2015

Miljøvenlege handlenett


Med diskusjonen om plastposeavgifta
kjem også tankane om å verte flinkare til å ha med meg posar på handleturen.
No har eg rett nok vore ganske flink til det sidan eg har sydd meg fleire handlenett tidlegare.
Eg brettar dei, rullar dei i saman og har dei liggande i veska mi - då har eg alltid
ein pose for hand om det trengst.
Men eg kan sjølvsagt verte endå flinkare 
og ha med meg fleire slik at eg slepp å be om plastpose når eg handlar mykje.
Her har eg laga nokre handlnett i litt kraftige gjenbruksstoff.
Gode solide nett som tåler litt vekt og rømer mykje.



 Dette herlege retrostoffet har vore ei gardin.
Mønsteret til desse veskene har eg laga sjølv ut i frå eit anna veskemønster eg har frå før.
Laga hankane ein del kortare og sjølve veska litt beidare.

Nettet er ufora og sydd med fransk saum slik at saumromet
ikkje er synleg på innsida.




God plass i desse netta her.
Gøy å handle med slike fargerike bærenett:)
Og det kjekkaste av alt er å seie "Nei takk, det treng eg ikkje"
 når eg får spørsmål om eg vil ha pose.

Og så er eg veldig fornøgd med å ikkje ha
 eit berg av plastnett liggande til ingen nytte og i
 tillegg så sparer eg pengar.



Av same gardinstoffet vart det også ei skulderveske.
Her har eg snudd stoffet andre vegen.

Av restane vert det nok sminkepung og myntpung.
Slikt fint stoff må nyttast til siste trevl :)


Er du flink til å ha med deg pose på handleturen?


God helg til alle som tittar innom:)

Alva.


fredag 16. januar 2015

UFO


 Denne veska heldt på og bli ein UFO.
Neida...ikkje ein slik ufo som flyg oppe i lufta
men eit uferdig objekt som det vert kalla på quiltespråket.

Eg byrja på den i september og den vart nesten ferdig.
Det som sto igjen var hankane, lomma og lukkekanten.
Så måtte eg ta ei pause frå det meste og veska vart lagt til side.
Her ein dag bestemte eg meg for at den var for fin til å verte ein ufo og tok
og gjorde den ferdig.

Synest den vart vårlig og fin med det søte strameibroderiet
og det grøne prikkastoffet som eg fann på bruktbutikken for ei tid tilbake.
Foret er eit gammalt dynetrekk.


 Slik ser den ut innvendig.
Den har fått avstiva botn i form av ei tjukk papplate.
Veska er sydd etter inspirasjon frå ei av veskene i boka "Vesker og bager sy dem selv"
av Lise Bergene. Prinsippet er det same men måla og hankane er annaleis.


Og jammen vart det ei ny veske til meg sjølv
i same slengen.


Diggar fargane og mønstert i dette gardinstoffet!
Vart superfornøgd med den nye veska mi:)
Heilt meg!


Så må eg få takke for alle dei fine kommentarane
på forrige innlegg om genseren til svigermor som vart til puter!
Takk for ros og og hyggelige ord....det rører
meg djupt!


God helg!

Klem frå Alva.


fredag 9. januar 2015

Svigermors gensar




Denne flotte strikkagensaren i ull har vore svigermor sin.
Svigermor - som no er gått bort - var ein resar med strikkepinnane.
Utallige gensarar og sokkepar har kome frå hennar flittige hender gjennom åra.
Først til sine eigne fire gutar og sidan til dei ti borneborna.

Men det var ikkje ofte ho laga noko til seg sjølv.
Eg veit ikkje om noko anna enn denne gensaren - iallefall ikkje etter at eg kom inn i familien.
Og denne brukte ho når ho var på tur.


 Desverre hadde den fått ein skjemmande flekk
midt framme som ikkje let seg fjerne. Den er meir synleg enn
det ser ut på bilde.


Eg tippar at svigermor har vore uheldig og søla
 kaffe nedover seg ein gong ho var på tur og så har genseren vorte liggande og flekken sett seg.
Men gensaren var alt for fin til å kassere så då måtte 
eg finne på noko anna lurt med den.



 Eg har lenge ønska meg ei pute til å ha ståande på den fine gamle arvekista.
Så eg klipte av genseren rett over flekken, klipte av ermane og kragen og sydde i hop til ei pute.
Men eg vart ikkje heilt fornøgd - eg synest den vart litt lita.


På klippebordet mitt låg resten av gensaren igjen.
Og denne delen var større enn den delen eg hadde brukt allereie.
Eg snudde bolen bak-fram slik at flekken kom på baksida. Synest det vart litt kjedeleg med
    berre lus på så eg funderte litt på kva eg skulle gjere med den.Tanken om ein 
knappestolpe slo meg raskt, men sidan dette var ein gensar og ikkje ei kofte
så hadde eg ingen knappestolpe. Men det eg hadde var den smale 
kragen som eg hadde klipt av tidlegare. 



Så var spørsmålet kva eg skulle gjere med klippekanten.
Hadde ikkje vore så fint å sikse over akkurat. Det finaste hadde vore å plukke opp 
mauskane og felle av. Men hadde eg ein liknande tråd eg kunne bruke då? Så då måtte eg igjen på
leiting i tølene mine. Og under over alle under så fann eg ein liten rest av akkurat rette garnet
 i akkurat rette fargen! Så det løner seg å ta vare på små restar - dette garnet hadde eg brukt 
på 80-90 talet då borna mine var små! 



Men eg hadde ikkje akkurat klipt så fint av kragen sidan eg ikkje hadde
planar om å bruke den til noko. Så det vart litt av ein pirke-jobb å rette opp kanten og plukke
opp mauskane. Men fekk det til tilslutt og sydde stolpen fast til bolen med resten av garnet.
Kofteknappane fann eg i syskrinet som også har vore 
svigermor sitt.

Så stolpen er berre juks og bedrag....
men eg synest det vart veldig fint då, og vel verdt arbeidet:)



 Som pynt på puta valgte eg å sy på eit
mørkeraudt hjarte. Hadde lyst det skulle vere litt grovt og "rufsete"
så difor tråkla eg det berre fast med grått ullgarn.

Litt symbolikk her......
....... med hjarte på rette staden:)


Vart kjempefornøgd med denne puta og den er 
så fin der står på kista som også er arv etter svigermor.



 Så får eg heller finne ein anna plass til den andre.
Den skal få seg ei innerpute som passar litt betre.
Den eg har brukt var litt lita så eg har putta inn litt vatt difor 
ser den litt klumpete ut.

Begge putene har fått glidelåslukking i botnen.
Til den største sydde eg det fast for hand med ullgarn og det
vart veldig bra.

To supre puter av ein ullgensar...
slettes ikkje verst det!

Gjenbruk er bra:)

God helg til deg!

Klem frå Alva.

tirsdag 6. januar 2015

Herlege retroskattar!


Først av alt:
Tusen takk for dei fine orda om
veska i forrige innlegg! Set umåteleg stor pris på kvar 
 enkelt kommentar!


I dag vil eg vise nokre av mine siste bruktfunn:

Herlege retroskattar som gjer meg glad!



 Diggar dette stramei-bildet
med verdens herlegaste og megasøte jentemotiv!
Har plassert det framfor nasa mi på arbeidsbenken på syrommet slik at eg kan sjå på det
og grunde på kva eg skal bruke det til. Det blir nok brukt på ei 
veske eller pute tenkjer eg.......eller
har du eit anna forslag ?

Skal det berre få vere eit bilde kanskje?
Er det synd å ta det ut av ramma??? Hmmm....ikkje lett nei.....
Føler mest for ei veske eg då.



 Dette superskjønne stoffet som egentlig er gardiner
 har eg to lengder av. Sjekk dei søte dyra! Likar så godt denne type motiv.
Dei er ganske store, 20x22cm. Eit motiv kan verte f.eks.
  ei stor lomme på ein kjole, forkle eller liknande
eller brukast på ei pute. Mange
muligheiter her.



 Denne superkule duken med 
skikkelig retromønster veit eg ikkje om eg har hjerte til å klippe i.
Den er så fin! Får la den ligge litt og sjå kva det vert til....
Ser veldig for meg ei veske av sirklane
og med brune hankar:)



Herleg 70-tals gardinstoff i fin fine blå/turkis
fargar og psykedelisk mønster. Heile 2,5 meter ubrukt stoff har eg her!
Supert stoff til vesker sidan det er litt kraftig.

Mykje herleg inspirasjon i slike skattar.
Gler meg til å ta fatt på det nye året med blanke ark
og glade retrostoff som fargestifter!

Ønsker deg glade og fargerike dagar!

Klem frå Alva.

fredag 2. januar 2015

Veske av gammal pute


Redesign og gjenbruk 
er noko eg brenn veldig for og det eg liker aller best å styre med.
Å ta gamle tekstilar og omskape dei til noko heilt anna enn det dei var er både spennande,
 ufattelig moro og ikkje minst miljøvennlig!

I staden for at slike gamle skattar vert kasta
får dei nytt liv i form av f.eks. ei veske og lever på den måten vidare - og den som får den i
eige treng ikkje å gå i  butikken og kjøpe seg ei ny.

I tillegg får ein eit unikt produkt
som garantert ingen andre har maken til!

(Veit eg har terpa på dette før men synest det er eit viktig tema!)

Dette putetrekket synest eg var så fint at eg ville
prøve å bruke det i si heilheit sjølv om broderiet var litt slitt nokre plassar.
Så då var det berre å gå på jakt i skuffer og posar etter passande tråd til å bøte med.
 Den grøne tråden eg brukte til eit av blada er ikkje heilt lik resten
 - men synest ikkje det gjer noko.


Putetrekket var i ganske tynt ullstoff men heilt og fint.
  Eg bestemte meg for å vattere veska for å gjere den stødigare og sterkare.
 Quilta den på maskin i ytterkanten av alle dei brune sirklane
for å gjere den endå meir solid.



 Der det er fire knappar i den inste sirkelen
var det broderte gule blad. Dei var ganske slitte så då vart det knappar der i staden.
Synest det gav ein fin effekt. Nesten som små soler!
(Ser du at knappane smiler?  Hi hi...)



 Innvendig har den fått skjult glidelåslomme på eine sida
og åpne lommer på andre sida. Grunda litt på kva slags lukking eg skulle ha på den....
landa tilslutt på ein enkel variant med ein gammal avlang treknapp
og ei skinnhempe som eg skar til av ein bit
brunt skinn.



 Synest baksida vart litt trist
så eg applikerte på ein blome maken til ein av blomane på framsida.
Veska står no på den gamle Jorastolen i gangen og er
som eit smykke der.

Vart veldig fornøgd med den og kjenner at
denne kunne eg lett teke i bruk sjølv:)


Elskar denne hobbyen min eg.....:)