tirsdag 10. februar 2015

Moods of norway-veske



 For ei tid tilbake fann eg ei moods of norway bukse på bruktbutikken.
Buksa hadde mange fine detaljar så eg såg at det kunne verte ei stilig veske av den.
Modellen var litt utdatert med oppbrett nede i same stoff som inne i linningen
og veldig smale bein men likevel posete fasong.
Så det var ikkje så vanskelig å sette saksa i den. For sikkerheitsskuld prøvde eg
buksa på men den passa på ingen måte. 




 Det var eit lite hol under eine lomma så der applikerte eg på ei stjerne sidan det er
stjerner inne i linningen. Det skulle vel helst vore ein traktor då...
men ei stjerne var litt enklare å få til:)



 Den fekk ei enkel lukking med strikkhempe rundt knappen.
Å sy glidelås i slike buksevesker er ein tung jobb for både hender og symaskina.
Så her let eg det vere sidan dongerien er ganske kraftig




 Og slik ser den ut bak.
Baklommene sat ganske langt nede så eg vurderte om eg skulle sprette dei av og flytte dei opp.
Men då hadde det vorte fargeforskjell sidan buksa er litt utvaska. 
Så eg let det berre vere slik.



Likte denne veska eg:)

Alva.

søndag 1. februar 2015

Pimpa kjole frå bruktbutikken.


For vel ei veke sidan var eg ein tur på bruktbutikken.
Det vart ikkje dei store og spennande funna, men eg fann ein denimkjole som eg straks såg hadde eit
potensiale. Når den så i tillegg var i min størrelse var saken klar.  Og for ein femtilapp
vart kjolen min.



Under her ser du korleis den såg ut.
 Veldig enkel og nesten fotsid. Er nok nokre år sidan denne modellen var på mote.
Men eg elskar slike denimplagg og såg fort kva eg skulle gjere med den. Etter å ha prøvd den på heime såg eg at folda framme måtte vekk for eg såg veldig gravid ut i den sjølv om magen ikkje er så veldig stor. Og eg er langt over den alderen så ein gravide-kjole treng eg ikkje :)

Det er tilsvarande fold bak også men den måtte vere skulle rumpa få plass;)

Det første eg gjorde var å klippe den av i knehøgde.
Så sydde eg folda fast med dobbelstikning foran. Selane var litt lange 
så dei måtte eg korte inn for kjolen hang ikkje fint på meg. Det vart den mest omfattande
jobben sidan det er belegg på innsida. Men det måtte til. Sydde den også litt
inn på kvar side slik at den fekk ein smalare fasong.

Det siste eg gjorde etter å ha lagt den opp 
var å applikere på blomen midt foran.

Og slik vart altså resultatet.
Veldig fornøgd og heilt meg i mine favorittfargar:)


Med matchande veske så kan sommaren berre kome for min del:)
Denne gongen måtte eg sensurere hovudet for etter å ikkje ha sove for heile natta
er eg ikkje så veldig fotogen. Eg er ein periodesovar - i tida rundt fullmåne søv eg fint lite eller
som denne natta - absolutt ingenting. Slitsomt.....  men plutselig så får eg sove greit igjen.

Denne veska må eg berre ha sjølv no når eg
har ein kjole som den passar så fint til.

Så no er eg heilt klar for sommar med ny kjole
og hippie-veske:)

Ønsker alle der ute ein fin vinter-søndag!

Klem frå Alva.