lørdag 14. mars 2015

Mintgrønt

Det er visst langt i mellom innlegga her inne for tida.
Og det er rett og slett fordi eg ikkje får sydd så mykje sidan nakken ikkje har spelt på lag.
I dag er den beste dagen eg har hatt på lenge så no håpar eg det har snudd.

 Så enn så lenge får eg blogge om litt andre ting.
Eg tok med meg kameraet ut på kjøkkenet og fotograferte ein del av dei mintgrøne tinga eg har der.
For det er vel ingen tvil om at eg elskar mintgrønt! Dei fleste tinga er bruktfunn.
Panservekta er arv etter svigermor og den er eg veldig glad i.



 To slike skjønne heklablonder fann eg på bruktbutikken for nokre år sidan.



 Morsom høne som dreg på salt og pepperbøsser.
Både den og heklabrikka er frå bruktbutikkar.



 Gryteklutane har mormora mi hekla og pyntehandkleet er bruktfunn.
Alt du ser på bildet her er arv eller bruktfunn utanom glasflaskene og veggklokka.



 Til og med veiken på telyset er mintgrøn!



 Stoffkorga har eg sydd sjølv og den rommar vitaminar og fyrstikker.







 Ein av mine høgt elska Sissel-koppar frå Figgjo.



Til og med såpa og gummihanskane er mintgrønne.

Som du ser er kjøkenet mitt proppfullt av mintgrønne detaljar.
Berre elskar det!

Har du ein favorittfarge?

tirsdag 3. mars 2015

Pute, lakserosa dille og supert bruktfunn.

Vips så har det gått 3 veker sidan forrige innlegg.
Har sydd litt i denne tida, men ein del av det kan ikkje bloggast.... endå i allefall.
I tillegg har eg slitt med vond nakke og hovudverk og det er ikkje foreneleg med sying alltid.
Tilslutt måtte eg krype til korset og bestille meg time hos kiropraktor så får vi
sjå om han kan lette litt på trykket.


Eg har forelska meg i ein ny farge siste tida - lakserosa.
Det skuldast kjøp av fargerike te-lys som inneheldt bl.anna den fargen.
Og då måtte eg ha ei plante som passa til og lukka var stor
då eg fann ei primula obconica i heilt rette fargen.

Denne planta kunne eg ikkje handtere tidlegare, eg fekk 
voldsomme utslett av den. Den inneheldt eit stoff som kunne irritere huda og gi kløande utslett.
Og det vart eit lite problem når eg jobba i blomsterbutikk.
Men det stoffet er no fjerna frå planta så det er heilt trygt å handtere den.




Og som kjent dreg det eine det andre med seg.....
eg måtte også ha ei pute i sofaen som tok igjen den lakserosa fargen.
Dermed var det berre å ta eit djupdykk i stofflageret mitt og komponere i hop ei pute.
Synest strameibildet hadde så fine fargar så eg tok det som utgangspunkt.


Litt kitch kanskje men likte den likevel eg:)




Og som om ikkje det var nok dukka denne duken fram frå kistebotnen.
Duken er arv etter svigermor og fargane kunne ikkje vere meir perfekte.



 Har du sett slik ein herleg symfoni!




Og så må eg vise mitt siste bruktfunn!
To slike stolar kom eg over på ei lokal kjøp-og salg gruppe på facebook og heldigvis
vart dei mine til ein veldig grei pris. 

Har lenge vore på jakt etter eit par slike stolar men det har vore vanskeleg 
å finne to som var like og i brukbar stand. Så no er eg kjempefornøgd!
Det er meininga å trekke dei om etter kvart men enn så lenge får dei vere slik. 
Dei stolane vi hadde frå før var av nyare dato men eg har aldri vore heilt fornøgd med dei.
Synest dei var både klumpete og plasskrevjande. Eg la dei ut på ei kjøp-og salgs gruppe og vart kvitt dei på 5 minutt for det same som eg ga for desse. Så då er alle fornøgde:)



Stolane passar perfekt til sofabordet vårt som kan trekkast ut til
nesten dobbel størrelse. Veldig praktisk!

Diggar gjenbruk:)

Ønsker deg ein fin kveld!

Klem frå Alva.