søndag 31. mai 2015

Retrohelg i Bakketunet


Når Bakketunet på Bjørke lokka med retrohelg denne helga
så kunne eg sjølvsagt ikkje halde meg unna - retrogal som eg er:)

 Der var utstilling av radioar og teikneseriar......


 Ein slik radio kunne eg tenkt meg å eige!
Helst den oppe til høgre om eg fekk velge, hi hi....



Mykje nostalgi her......



 Staselege køyrety av ulike rasar.....



 Dåååån! Denne kunne eg også tenkt meg:)

Det særmerkte fjellet i bakgrunnen heiter Kjærringkjeften.
Ser du henne? Dama som har gjeve namn til fjellet altså?
Ser du profilen hennar der ho ligg på rygg med håret fløymande bakover og toppen 
til venstre er brystet? Der ja....no såg du det tenkjer eg:)


Snerta boble....




 Og så skal retrosalongen offisielt opnast.
Tunvertinnene er tidsrett kledde for høvet og oppmoda dei vitjande til å gjere det same.
Så eg stilte i ein av mors kjolar frå 60 talet. Korleis den ser ut kan du sjå her.
Retrosalongen held til i huset i bakgrunnen der du ser det blå skiltet.
Kva retrosalongen er skal eg forklare etterkvart.

(Sjekk den lekre parasollen då!)


 Snora vert klipt og salongen er open.



 I retrosalongen er alt til salgs.
Alle møblar og alt interiør kan kjøpast og nye ting vert sett inn etterkvart som ting går unna.
I tillegg er det ein kafe med enkel servering.



Diggar palmetapeten!













 Bakketunet ligg vakkert til i naturskjønne omgjevnader.
Vil du vite meir om Bakketunet kan du sjå her og lese eit tidlegare blogginlegg 
eg har laga om dette tunet. 




I Bakketunet finst nokre av dei eldste og best bevarte bygningar i landet.



Nostalgi frå røykstova.





Det kan nesten ikkje verte vakrare enn dette!
Det måtte einaste vere om himmelen var blå:) Dagen starta flott men det skya desverre til
etter kvart utover dagen og enda med skikkelige regnbyger.
Fjellet i bakgrunnen er det majestetiske Bjørkehornet.


Alltid koseleg å ta turen til Bakketunet.

Takk for meg for denne gong:)

Alva


fredag 22. mai 2015

Forkle med søte lommer.

Forkle synest eg fort kan verte litt kjedelig å sy.
Difor prøver eg å finne på noko artig eller søtt med lommene.
Og det er i grunnen berre fantasien som set grenser for kva som kan brukast:)
Her har eg brukt gamle brikker til lommer på to av forkleda. 


Denne duken var oval i utgangspunket men hadde fått eit hol eller revne i eine enden.
Så eg bretta den i to og sydde på ei kroklisse over bretten. I eine skuffa mi på syrommet fann
eg ein liten rosa hekleblomst  som var til overs frå eit eller anna prosjekt. Den var perfekt som
pynt på lomma. Sydde den fast med ein liten knapp i midten. Så var det berre å sy lomma 
fast til forkleet sånn litt på snei:)



Vips - eit litt kjedeleg forkle vart mykje finare 
og duken fekk eit nytt liv i staden for å havne i søpla!



Her har eg brukt ei søt lita brikke frå bruktbutikken.
Eg bretta litt ned på eine sida og festa med ein knapp som tok igjen fargen i stoffet.
Stoffet er ein gardinrest frå 80 - 90 talet.


 Veldig enkel måte å lage lommer på.
Fine gryteklutar kan også brukast.



Tilslutt må eg berre vise dette forkleet i eit herleg retrostoff
sjølv om det ikkje er lomme på. Synest mønsteret var så fint at eg ville ikkje skjule noko
med ei lomme. Dette var egentlig ein duk. Hadde sååå lyst til å lage puter av den men desverre
hadde den nokre litt skjemmande flekkar som ikkje gjekk bort. Eit forkle er ikkje så farleg om det
har nokre flekkar for der kjem gjerne fleire. Så då vart det det i staden.
Kjekt å kokkelere i eit slikt sprekt forkle!

Ønsker deg ei fin pinsehelg!
Her regnar det i bøtter og spann.....

Helsing Alva.


torsdag 14. mai 2015

Festdrakt til baby

Først av alt:
Tusen takk for dei koslege kommentarane på forrige innlegg!
Kjekt å vere tilbake når ein får slik velkomst:)

Eg lovde å vise noko anna eg har laga til det vesle barnebarnet mitt - og her er det:
 Ei nusseleg lita festdrakt til 17.mai!

 Drakta er sydd etter mønster frå boka
"Små kreasjoner til baby og dukken" av Anne Grete Gaaserud.
Eg har brukt andre fargar enn det som er brukt i boka slik at den får eit meir
bunadspreg og perfekt til 17.mai!




Veldig morsom å sy og det som var litt artig var at eg fann
alt eg trong i hyller og skuffer på syrommet unntatt knappane til bunaden.
Den fine sølja har vore mi og er vel godt over 50 år!



Buksestoffet er eit gammalt dress-stoff eg fann på bruktbutikken 
for lenge sidan. Trur det er ull blanda med noko syntetisk. Perfekt å bruke
til bukse for det krøllar ikkje.

Bak knappen her er det ein stor trykknapp.
I mønsteret sto det at det skulle brukast spenne, men eg valgte altså
denne løysinga.




Gler meg til å sjå den i bruk om nokre dagar!
Mora til babyen - mi dotter er sjølv født på 17.mai så den dagen
er ekstra spesiell her i familien.

Då ho var lita trudde ho at alle flagga for henne den dagen:)

Ønsker alle ein flott 17.mai!

Klem frå Alva.

torsdag 7. mai 2015

Mormor.....

Hei!
Eg er her endå, men det vart jammen nesten to månadars ufrivillig pause dette.
Datamaskina mi gjekk i svart før påske og det gjekk 6 veker før eg fekk den tilbake.

Litt har skjedd sidan sist eg blogga, både på godt og vondt.
I påskeveka måtte eg ta den tunge avgjerdsla og avlive vår kjære pus gjennom nesten 18 år. 
Etter ein sjekk hos veterinær vart det klart at katten hadde både hjertesvikt, nyresvikt og var kraftig uttørka. Så den klare tilråding var at ho måtte få sleppe. Veldig vond og tung avgjerd
å ta, men til det beste for stakkars pus.
Men som kjent så vandrar sorga og gleda hand i hand og like over påske 
vart eg mormor til ein skjønn liten gut! 





Sjølvsagt måtte eg lage noko til det nyfødde barnebarnet mitt
så då vart det eit vognteppe i fargar heilt etter min smak :)
Eg tok utgangspunkt i fargane i uglestoffet.




Hjerta er handquilta og får då ein litt "boblande" effekt.
Den mørke kanten inst er ein tittekant.



Den vordande mora bestilte eit babynest så det laga eg også.
Det er noko som har vorte veldig populært siste åra - for eit år sidan ante eg ikkje kva det var
for noko då eg fekk spørsmål om å lage eit. Så då sa eg nei sidan eg aldri hadde sett eit eller visste
kva det var. Men då dotter mi bestilte eit kunne eg ikkje seie nei. Eg søkte litt rundt på nettet
og fann ut at det slettes ikkje var så komplisert å lage.



Nestet - eller reiret er flittig i bruk.




Eit perfekt lite under.

Neste gong skal eg vise noko anna eg laga til den lille og eg lovar at det skal ikkje gå
nesten to månadar til :)

Ha det fint så lenge.

Alva.