søndag 3. januar 2016

Godt nytt år!


Hei!
Er innom ein tur for å ønske deg som endå heng med eit godt nytt år!


Det har vore lite blogging få denne kanten siste tida.
Håper å få gjort noko med det i det nye året. Med ny pc i julegåve frå karane i huset
blir det også litt lettare å blogge sidan den gamle var nesten umulig å få til å ladde.Vil prøve å kome i gong med litt sying igjen også. Sydde eit par ting i julegåve og det gjekk ganske greit.
Men huska sjølvsagt ikkje å ta bilde av det eg laga:)


 Sidan eg ikkje har noko syarbeid å vise fram får eg vise bilde
av den vakre naturen vi har her på Sunnmøre. Dette er teke om morgonen
2.januar då det var slik ein fantastisk fin morgonrøde.
Bildet er teke frå verandaen min.


Dette er frå 1.januar då vi også hadde ein fin dag.
Mannen er fotomodell.


 Bildet under er teke for ei veke sidan, rett opp i bakken her eg bor
medan det enno var snø. Plutselig vart det mildver og snøen forsvant i ein fei.
No er det kaldare igjen men framleis bart.


Dekokrasjonen på første bildet laga eg til familieselskapet i romjula.
 Eg brukte berre grønt frå skogen bortsett frå edelgrana. Orkideane er frå vinduskarmen og kristornbær frå ein bukett eg hadde ståande. Konglane er også sjølvplukka.
Ein billig dekorasjon med andre ord!

Skal prøve at det ikkje blir 2 mnd til neste innlegg:)
Tenkte å ta ei opprydding på syromet når kvardagen kjem og det brukar
å hjelpe på inspirasjonen;) Har heller ikkje vore så flink å titte innom andre bloggar
- skal prøve å bli flinkare til det også.

Enn så lenge - ha eit godt nytt år!

3 kommentarer:

  1. Så kjekt å "sjå" deg! Eg har heller ikkje vore flink med bloggbesøk den siste tida, men no i jula har eg kome meg frampå. Og nå var det så kjekt at du dukka opp. Dekorasjonen din var veldig fin, og det beste er å bruke det ein har inne eller ute. Ønskjer deg eit godt år, og håper at vi treffast her innimellom. Alle må tilpasse sin eigen aktivitet slik ein kan og får til.

    SvarSlett
  2. Kjempefin borddekorasjon - så lurt å bruke det man har. Den ser ut til å være kjøpt i en blomsterbutikk. Nydelige bilder du har tatt fra der du bor - så vakkert! Viktig å huske på den skattekista vi bor i her i Norge. 15 grader i desember - ja, det er helt vilt... Smart at du fikk ny datamaskin så du kan blogge mer. Det liker i alle fall jeg :) Jeg sydde jo noen på bestilling i desember, men de tingene glemte jeg å ta bilde av. Var så ivrig med å pakke dem inn og da ville jeg ikke pakke opp for å fotografere dem. Gleder meg til sy-innlegg fra deg. Alltid koselig. Klem :)

    SvarSlett
  3. Nydeleg dekorasjon. Er ein kreativ nok kan det bli verkeleg vakkert av
    det ein har for handa.
    Nydelege bilde frå nyåret.

    Ynskjer deg fine dagar.
    Klem frå Anne-Mari

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no