søndag 31. januar 2016

Smekkeproduksjon og pute til tripp-trapp stol


Det vart visst nokre veker sidan forrige innlegg likevel
sjølv om eg lova meg sjølv å verte flinkare å oppdatere her inne.
Januar har bode på visse utfordringar for vår familie så kreftene mine har 
vore brukte til andre ting enn sying og blogging. Svigerfar gjekk bort for to veker sidan etter
 kort tids sjukdom og samtidig vart også min mann ramma av plutselig sjukdom.
 Men litt småsying har det vorte inn i mellom likevel. 
Det er godt å kunne koble ut tankane av og til og tenke på andre ting enn sjukdom og
då er det deilig å leite fram litt fargerike stoff. Det vart litt smekkeproduksjon denne gongen,
både fordi det er enkelt - noko som er viktig når hovudet egentlig er heilt andre plassar - og fordi eg
skulle lage eit par nye til barnebarnet mitt. Og då er det greit å lage fleire når ein først 
er i gong med det.



 Brukt sengetøy og gardiner er supert å bruke til smekker.
Dei er vaska nokre gongar og stoffet er difor mjukt og godt - og i tillegg er overskuddsfarge
vaska ut. Og så tåler det å bli vaska på minst 60 grader.




Den gamle Tripp-trapp stolen som mine born brukte har fått kome 
ned frå mørkloftet. Dette er eit solid møbel som lever over fleire generasjonar og som ikkje går 
ut på dato sjølv om den nyare varianten er litt oppdatert.

Det som er litt morsomt er at eg i 1979 jobba nokre månader på
Stokke fabrikker som lagar Tripp-trapp stolen og der sydde eg blant anna
slike skinnreimer:) Trur neppe det er eg som har sydd denne for stolen er kjøpt 5 år seinare.
Men heilt umulig er det vel ikkje,hi hi.....

Litt fornying måtte til i form av ei ny pute.
Ein får kjøpt puter til Tripp-trapp stolen men eg ville prøve å lage ei, dog i litt enklare 
utforming enn den ferdigkjøpte. Hadde i minne den typen som fantest før
og målte ut og teikna sånn cirka korleis den skulle vere.



 Huska sjølvsagt ikkje akkurat korleis den såg ut, men huska i allefall at den 
hadde eit "knapphol" til å tre skinnreima gjennom. Eg brukte stoff frå eit Ole Brum sengesett
frå bruktbutikken. Motivet på eine sida av putetrekket passa akkurat til måla eg hadde laga meg til
ryggen på puta og til setet brukte eg stoff frå dynetrekket. Bakstykket klipte eg i eit stykke og
 sydde på hemper med borrelås for å feste puta til stolen. Ein kan også lage knyting i staden.
 Så sydde eg det heile i sammen med vrengeopning nede. Eg fylte den med fyllvatt og sydde 
igjen vrengeopninga for hand. Deretter sydde eg ein saum i overgangen mellom rygg 
og sete. "Knappholet" tilslutt.




Slik ser det ut bak.
Dette var utruleg raskt gjort. Det som tok lengst tid var å tenke ut
korleis eg skulle gjere det, og å måle ut og tilpasse hempene bak.




 Her står stolen klar ved kjøkkenbordet og berre ventar
på den den vesle gjesten som kjem med jamne mellomrom:)
Kosligaste besøket eg får det!


Ønsker deg ei fin første veke i februar.....
Ta vare på kvarandre.

3 kommentarer:

  1. Kjempefine smekker !
    Og puter til stolen.
    Du er effektiv ved symaskina. Håpe handa di er betre.

    God ny veke, februar !
    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Håpe du får medisin som virkar på plagene dine.
      Har du høyrt om Hjerneskolen som sjukehuset i Ålesund driv ?
      Eg var med på den for nokre år sidan. Der møttest folk som hadde hatt og har ulike sjukdomar/skader i hjerna.
      Alt frå slag, svulstar, betennelsar osv. Fekk ikkje så mykje konkret hjelp, men det å få undervisning om plager som er like same kva årsaka er var godt og sette ting på plass.
      Kanskje dette kan vere noko for deg ?
      Det er i tilfelle fastlegen som søkjer om plass.

      Slett
  2. Ja, jeg skrev en kommentar inn hos meg til deg angående den tøffe tida - ikke hyggelig når så mye kommer på en gang, og så alvorlig...
    Veldig flotte smekker - ja, det er kjempekoselig arbeid med slike. Fin pute til Stokke stolen også. Vi har to slike stoler, begge kjøpt brukt og de er helt supre. Har aldri tenkt på å sy pute, for jeg tenker det hadde blitt mye gris på dem, men sikkert veldig godt for den vesle å sitte på. Tenker du koser deg masse med besøk av ham. Jeg suger inn tida jeg har med mine tre nå. Eldstemann begynner å bli litt tenåring, og da begynner man å tenke på at årene går så fort, og snart er det ikke stas med foreldre lengre :)
    Håper tida fremover blir lysere for dere. Stor klem fra meg :)

    SvarSlett

Kommentarar gjer meg kjempeglad!

På grunn av veldig mykje spam måtte eg desverre stenge av for anonyme kommentarar. Vil du meg noko kan du berre sende meg ein mail på postkjellaren@hotmail.no