onsdag 9. mars 2016

Veskeparade


Hei!
Det er liv i meg framleis :)
Eg har rett og slett berre prioritert vekk blogging siste tida.
Smerter gjer at ting vert litt vanskeleg for meg så då prioriterer eg ting som er viktige.
Er meir aktiv på instagram for det er så mykje enklare og raskare.
 Men vil prøve å halde fram med blogging innimellom.


På gode dagar prøver eg å sy litt. Og då må eg sy ting som er gøy og inspirerande.
Eg likar veldig godt å bruke gammalt handarbeid i produkta mine. Og då eg fann ein klokkestreng 
i dei mest fantastiske fargar på ein bruktbutikk måtte det bli ei veske av delar av den.
Den andre framdelen på veska er frå ei gardin og matchar fargane perfekt.


Når eg syr slike vesker blir ofte veien til mens eg går.
Eg er ikkje så god til å teikne skisser, men det hender det også. Men eg har gjerne eit bilde
i  hovudet av korleis den skal sjå ut. Av og blir den akkurat slik som eg tenkte, andre gongar
 endrar eg strategi underveis og sluttresultatet blir heilt annaleis enn først tenkt.
Denne vart nøyaktig slik eg såg den for meg. 



 Baksida på veska.




 Til denne veska tok eg utgangspunkt i det vakre strameibildet
som eg fann på ein bruktbutikk. Synest fargane er heilt nydelige. Dilemmaet her var
at bildet var 50cm høgt så det måtte kuttast ned ein del. Det vart litt vanskelig synest eg for det var
så fint i si heilheit men ei veske på 50cm blir litt voldsomt. Eg kutta av nokre cm. oppe og nede slik 
at det vart i passe størrelse til ei veske. Greidde ikkje å verte enig med meg sjølv om eg skulle gå for
ein søt eller litt røffare versjon så då vart det litt sånn ja takk begge delar...søtt møter røft.
På denne endra eg strategi underveis i prosessen.Hadde i utgangspunktet eit anna bilde
i hovudet....men er likevel fornøgd med sluttresultatet.




Til lukking har eg brukt ein gammal skinnknapp og hempe
 fletta  av ei skinnsnor eg hadde liggande. 




Siste veske ut i veskeparaden:)
Denne er laga av eit av dei mange fantastisk fine stoffa eg fekk då eg vitja husflidlaget i Volda
i haust og fortalde litt om hobbyen min. Det kan du lese om her . Brukte også litt av
dette stoffet i veska over. Likar veldig godt dette stoffet, det har slike herleg
fargekombinasjon! Orange og rosa er knallfint i lag synest eg:)
Og så den blomsten då....:)

Ha det fint til eg er tilbake om ikkje så alt for lenge!

Helsing Alva