onsdag 20. juni 2012
LAPP PÅ LAPP.....
Då vart endeleg lappeteppet ferdig! Det er mykje styr og arbeid med eit sånt stort prosjekt. Men utruleg kjekt også.
Lilla og turkis er som tidlegare nemnt ein av mine favoritt- kombinasjonar. Synest det er så friskt og litt frekt .
Lillafargane vart litt bleike på bildet ,det er litt skarpare i virkelegheita . Har brukt ei blanding av nye og brukte stoff, mest brukt.
Eg har quilta det på maskin med overtransportør på skrå gjennom dei lilla lappane. Har brukt litt tjukk vatt, så det er mjukt og godt. Bakstykket er eit mjukt og deilig dynetrekk frå gjenbruksbutikken. Synest det passa perfekt til bakside. Sidan det er quilta er teppet stødig og godt.
Av restar vart det sjølvsagt ei pute.....
Den fekk same stoff som teppet til bakside og glidelåslukning. Synest det er ein enkel og grei måte å lage lukning på.
Begge to vert med til Bjørke og Postkjellaren. No nærmar det seg raskt tid for opning, søndag 15.juli.
Har litt arbeid å gjere før den tid ja.....
God onsdagskveld til alle!
Helsing Alva
lørdag 16. juni 2012
LYSEGRØNT BRUKTFUNN
Skulle berre ein snartur på bruktbutikken i dag for å finne eit laken eller dynetrekk til bakstykke på eit lappeteppe eg held på med, men måtte sjølvsagt ta runda når eg først var der. Og for ei lukke kva eg fann!
Fem asjettar Sissel frå Figgjo i ein aldeles nydelig lysegrøn farge!! Elskar fargen og elskar dette serviset!
Så no ynskjer eg meg inderleg koppane som høyrer til!!
Denne lysegrøne fargen er min sommarfarge nr. 1.
Om sommaren vert alle detaljar på kjøkkenet endra til lysegrønt.
Har mange bruktfunn på kjøkkenet i akkurat denne fargen:
Flaskene på hylla er frå IB Laursen, lyslykta frå skeidar,resten er bruktfunn. Det same med det som heng på knaggane bortsett frå tavla, den er frå www.wallas-verden.no/
Klokka på veggen er frå Jysk.
Elskar den turkise fargen på koppane!!
Det har vorte eit par lysegrøne ting på syrommet også :
Romsleg skulderveske og sminkepung i herleg polkadottstoff.
Tilslutt må eg berre ta med utsikta mi ut gjennom stoveglaset :
Fargen på himmelen og på fjorden var så fantastisk fin i kveld. Fjellet midt i bildet heiter Saudehornet og ligg i Ørsta.
Og eg fann bakstykke til lappeteppet mitt, så i morgen har eg tenkt å gjere det ferdig.
Heldigvis har dataproblema retta seg, maskina har visst ordna opp sjølv . Ein morgon då eg sto opp virka alt som det skulle. Lurte på om det hadde vore nokon og jobba med den i løpet av natta, for den var veldig varm og så låg det mykje rart på den. Blant anna hadde den prøvd å printe ut!! Ja ja, så lenge alt er i orden så får det vere det same kven som har ordna opp.....
God helg til deg !
Helsing Alva
søndag 3. juni 2012
CARL LARSSON TYG
Nokre gongar når ein er rundt om på bruktbutikkar kan ein oppleve å finne verkelege godbitar, eller skattar som eg likar å kalle det. For eit par år sidan gjorde eg nettopp det. Eg fann eit stoff som mest tok pusten frå meg. Eit skikkeleg hjertebankstoff. Først då eg kom heim oppdaga eg kva for ein skatt eg verkeleg hadde funne! Mange meter med heilt ubrukt Carl Larsson designa stoff frå 70-talet! Å for ei lukke!!!!
Kløver heiter det og har ein fantastisk gul-orange farge. Eg har googla stoffet og fann ut at det vart produsert i fleire fargar, bl.anna i raudt,blått og grønt. Men etter mi meining er dette den finaste fargen av alle.
Sjå berre på dette nydelege mønsteret, eg kan ikkje sjå meg mett på det i allefall! Det er eit litt kraftig bomullsstoff, tett og fint i veven. Det første eg gjorde var å sy meg ein kjole:
Den har vore flittig brukt to siste somrane og er like fin endå. (Men nokon fotomodell er eg ikkje....) Fleire barnekjolar har det også vorte.
Her er ein kombinert med raudt. Hjertestoffet på armane er frå ei gardin funne på loppis.
Og her er ei romsleg sommarveske.
Endå har eg mange meter att å bruke så det vert nok laga fleire Carl Larsson produkt utover sommaren.
Er det ikkje eit flott stoff vel? Eg føler meg verkeleg heldig som fann ein slik herlegdom. Og prisen? Den var heilt latterleg. Dei var nok ikkje klar over kva for ein skatt dette var. (Nei, det var ikkje på den lokale bruktbutikken her, dei veit å ta seg betalt iallefall......)
Kom i skikkeleg sommarstemning eg no av desse bilda, så no får vi håpe at varmen kjem tilbake snart!
Helsing Alva.

fredag 1. juni 2012
SOMMARLEGE PUTER
Eg synest det er utruleg gøy å lage puter. Og då gjerne kombinere nytt og gammalt og bruke broderi,blonder eller heklebrikker til pynt. Å gi nytt liv til gamle ting er min store lidenskap og eg elskar å gå på skattejakt etter gamle brikker,blonder og andre ting som kan brukast.
Dette vart ei pute med maritimt preg. Det var nok ikkje meininga i utgangspunket, men ofte vert vegen til mens ein går og slik vart det her.....
Tok utgangspunkt i den fine gamle broderte brikka i midten. Den fann eg på ein bruktbutikk ,trur eg ga 10 kr. for den. Så kom resten til etterkvart. Vart veldig fornøgd med denne, for eg elskar blått! Og så passa den så fint i lag med den fantastisk flotte Hortensiaen med den nydelegaste blåfargen.
Her ei litt meir retroaktig rund pute med blanding av nye og gamle stoff. Likar så godt kombinasjonen blått og grønt, vert meir og meir glad i desse fargane i lag. Det kvite stoffet med lyseblå prikkar er berre så fint! Fann det på bruktbutikken i ein pose med forskjellige restar i. Desverre er det eit syntetisk stoff og så var det berre eit par lange strimlar. Kunna tenkt meg ein kjole i det stoffet der ja.... Knappen i midten viser ikkje så godt, men det er ein nydelig mørkegrønn og gammal knapp. Fekk ei heil boks med knappar etter ei gammal dame og der var verkeleg mange godbitar!
Tilslutt tek eg med eit par puter hekla av restegarn. Dei berre heklar eg som ei gedigen oldemorsrute til den er passe stor. Fin måte å få bruke opp restar på. Berre pass på og bruke dei minste restane først. Til bakstykke har eg brukt stoff som eg sydde på med maskin, glidelåslukking bak. Treng eg seie at den i framgrunnen er favoritten?
Alle desse putene vert med meg til Postkjellaren til sommaren.
God helg til alle som kikar innom til meg. Eg er overlykkelig for å ha fått tre følgere:)) (eller fylgjarar som det strengt tatt heiter på nynorsk) Velkommen til alle tre!
Helsing Alva.
Abonner på:
Innlegg (Atom)