I dag har vi hatt ein skikkelig kosedag her i huset!
Starta dagen med å lage ein adventsdekorajon. Bedre seint enn aldri.....
Enkelt og greitt, heilt i min stil......
Denne terrinen i sølvplett fekk vi i bryllupsgåve tidleg på -80 talet. Har aldri brukt den til det den er meint, men den er super å lage dekorasjon i. Det høyrer også med eit lokk i sølvplett.
Så fortsette dagen med julemannbaking i lag med dotter mi.
Her er oppskrifta vi brukar:
JULEMENN
500g. sukker
250g. smelta margarin
5dl. mjelk
30g. (2ss.)hjortesalt
mjøl til passe deig
Må ikkje kjevlast for tynne. Steikast ved 200gr. ca. 10 min.
Desse vert litt tjukke og mjuke inni.
Vi malar før steiking, då vert det mykje finare.....
Steiking pågår......
Det er nokre ting som høyrer med når vi har bakedag før jul.
Noko av det viktigaste er denne CD-plata:
Den har vi spelt i mange,mange år og er den finaste juleplata vi veit om!
Noko anna som er tradisjon er gløgg. Det må vi ha når julemannane skal smakast på.....
Og så må vi ha levande lys på bordet.
Dotter mi er nyforlova og romantisk så her har ho laga eit hjerte til seg og kjæresten.....
Her er det ferdige resultatet, og dei smakte fortreffelig!
I tillegg laga vi cookies og kransekakestenger, og toppa det heile med brente mandlar.
Slike kosedagar som dette er gull verdt og det beste med heile førjulstida!
I dag synest eg teksta på tavla mi passa ekstra godt!!
Håper du også har hatt ein koselig søndag!
Klem frå Alva