At verda ikkje er stor får vi bevis på gong etter gong.
Eg har nyleg opplevd det.....
Dette knallfine retrostoffet som egentleg
er eit dynetrekk....vart mitt etter ei budrunde på ei nettside.
Då eg og dama som solgte det skulle utveksle informasjon viste det seg
at ho har ei dotter som bur i same bygd som meg. Så då avtalte vi at ho skulle
ta det med neste gong ho skulle besøke dotter si.
Dama sjølv bur på ein annan kant av landet.
Etter litt undersøking fann eg ut at dottera
faktisk bur i nabohuset her hos meg!!!! Er det mulig!!!!
Ho bur så nær at ho nesten kunne ha kasta det ned til meg!
Kan tru vi fekk oss ein god latter:)
Og i går kom dama på besøk til
dotter si og eg fekk levert to flotte retrodynetrekk på døra.
Slettes ikkje verst det. Mange kroner spart i porto.
Slik kan det altså gå....
nesten for utruleg til å vere sant men det
er det altså:)
Likar så godt fargane i det....
blått og grønt er ein kombinasjon eg er veldig glad i.
Og den blomen er då berre min:)
Her nyt vi ein fantastisk flott sommar
med temperaturar på mellom 25 og 30 grader.
Slik sommar har vi ikkje hatt på årevis så det nytast verkeleg til fulle!
Det vert litt late dagar i varmen - litt for gale å
sitje inne ved symaskina når veret er
så fint.
Har også nokre dagar att å jobbe før eg kan ta resten av ferien.
Må seie eg gler meg stort til det.
Håper du også nyt sommaren!
Sommarhelsing frå Alva