Det er visst langt i mellom innlegga her inne for tida.
Og det er rett og slett fordi eg ikkje får sydd så mykje sidan nakken ikkje har spelt på lag.
I dag er den beste dagen eg har hatt på lenge så no håpar eg det har snudd.
Så enn så lenge får eg blogge om litt andre ting.
Eg tok med meg kameraet ut på kjøkkenet og fotograferte ein del av dei mintgrøne tinga eg har der.
For det er vel ingen tvil om at eg elskar mintgrønt! Dei fleste tinga er bruktfunn.
Panservekta er arv etter svigermor og den er eg veldig glad i.
To slike skjønne heklablonder fann eg på bruktbutikken for nokre år sidan.
Morsom høne som dreg på salt og pepperbøsser.
Både den og heklabrikka er frå bruktbutikkar.
Gryteklutane har mormora mi hekla og pyntehandkleet er bruktfunn.
Alt du ser på bildet her er arv eller bruktfunn utanom glasflaskene og veggklokka.
Til og med veiken på telyset er mintgrøn!
Stoffkorga har eg sydd sjølv og den rommar vitaminar og fyrstikker.
Ein av mine høgt elska Sissel-koppar frå Figgjo.
Til og med såpa og gummihanskane er mintgrønne.
Som du ser er kjøkenet mitt proppfullt av mintgrønne detaljar.
Berre elskar det!
Har du ein favorittfarge?