Det vart visst nokre veker sidan forrige innlegg likevel
sjølv om eg lova meg sjølv å verte flinkare å oppdatere her inne.
Januar har bode på visse utfordringar for vår familie så kreftene mine har
vore brukte til andre ting enn sying og blogging. Svigerfar gjekk bort for to veker sidan etter
kort tids sjukdom og samtidig vart også min mann ramma av plutselig sjukdom.
Men litt småsying har det vorte inn i mellom likevel.
Det er godt å kunne koble ut tankane av og til og tenke på andre ting enn sjukdom og
då er det deilig å leite fram litt fargerike stoff. Det vart litt smekkeproduksjon denne gongen,
både fordi det er enkelt - noko som er viktig når hovudet egentlig er heilt andre plassar - og fordi eg
skulle lage eit par nye til barnebarnet mitt. Og då er det greit å lage fleire når ein først
er i gong med det.
Brukt sengetøy og gardiner er supert å bruke til smekker.
Dei er vaska nokre gongar og stoffet er difor mjukt og godt - og i tillegg er overskuddsfarge
vaska ut. Og så tåler det å bli vaska på minst 60 grader.
Den gamle Tripp-trapp stolen som mine born brukte har fått kome
ned frå mørkloftet. Dette er eit solid møbel som lever over fleire generasjonar og som ikkje går
ut på dato sjølv om den nyare varianten er litt oppdatert.
Det som er litt morsomt er at eg i 1979 jobba nokre månader på
Stokke fabrikker som lagar Tripp-trapp stolen og der sydde eg blant anna
slike skinnreimer:) Trur neppe det er eg som har sydd denne for stolen er kjøpt 5 år seinare.
Men heilt umulig er det vel ikkje,hi hi.....
Det som er litt morsomt er at eg i 1979 jobba nokre månader på
Stokke fabrikker som lagar Tripp-trapp stolen og der sydde eg blant anna
slike skinnreimer:) Trur neppe det er eg som har sydd denne for stolen er kjøpt 5 år seinare.
Men heilt umulig er det vel ikkje,hi hi.....
Litt fornying måtte til i form av ei ny pute.
Ein får kjøpt puter til Tripp-trapp stolen men eg ville prøve å lage ei, dog i litt enklare
utforming enn den ferdigkjøpte. Hadde i minne den typen som fantest før
og målte ut og teikna sånn cirka korleis den skulle vere.
Huska sjølvsagt ikkje akkurat korleis den såg ut, men huska i allefall at den
hadde eit "knapphol" til å tre skinnreima gjennom. Eg brukte stoff frå eit Ole Brum sengesett
frå bruktbutikken. Motivet på eine sida av putetrekket passa akkurat til måla eg hadde laga meg til
ryggen på puta og til setet brukte eg stoff frå dynetrekket. Bakstykket klipte eg i eit stykke og
sydde på hemper med borrelås for å feste puta til stolen. Ein kan også lage knyting i staden.
Så sydde eg det heile i sammen med vrengeopning nede. Eg fylte den med fyllvatt og sydde
igjen vrengeopninga for hand. Deretter sydde eg ein saum i overgangen mellom rygg
og sete. "Knappholet" tilslutt.
Slik ser det ut bak.
Dette var utruleg raskt gjort. Det som tok lengst tid var å tenke ut
korleis eg skulle gjere det, og å måle ut og tilpasse hempene bak.
Her står stolen klar ved kjøkkenbordet og berre ventar
på den den vesle gjesten som kjem med jamne mellomrom:)
Kosligaste besøket eg får det!
Ønsker deg ei fin første veke i februar.....
Ta vare på kvarandre.